Lokal | 22. aug. 2019

Kven har vikeplikt ved Kloppamyra?

Vegvesenet forklarer - og seier det samtidig er plan om justert status for Ulvenvegen.

Kven har vikeplikt ved Kloppamyra?
Kloppamyra er ikkje ein enkelt parkeringsplass, likevel har du vikeplikt når du skal ut på Ulvenvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. aug. 2019 12:38

Bildeserie:

Ved Kolskogheinae mister Ulvenvegen status som forkjørsveg. (Foto: KVB)
Ved Kolskogheinae mister Ulvenvegen status som forkjørsveg. (Foto: KVB)
Men forbi kryss mot Lyseklostervegen har du forkjørsrett. (Foto: KVB)
Men forbi kryss mot Lyseklostervegen har du forkjørsrett. (Foto: KVB)
Sidelinja går forbi, ikkje inn til sidevegen, noko som betyr forkjørsrett også her. (Foto: KVB)
Sidelinja går forbi, ikkje inn til sidevegen, noko som betyr forkjørsrett også her. (Foto: KVB)
1 av 3
Ved Kolskogheinae mister Ulvenvegen status som forkjørsveg. (Foto: KVB)
Men forbi kryss mot Lyseklostervegen har du forkjørsrett. (Foto: KVB)
Sidelinja går forbi, ikkje inn til sidevegen, noko som betyr forkjørsrett også her. (Foto: KVB)

I sommar har Midtsiden blitt oppfordra å forklara trafikkreglane som gjeld mellom Kloppamyra, som har vakse som næringsområde, og Ulvenvegen, som har forkjørskryss ved Lyseklostervegen.

– Eg ser at enkelte stussar, gjeld høgreregelen ved Kloppamyra, sidan det no er fleire bedrifter der, og ikkje direkte ut frå parkeringsplass? skriv meldar.

Forskjell på kryss og avkøyrsle

Dei fleste med førarkort bør veta korleis eit vikepliktskilt ser ut, og at du har vikeplikt frå høgre om du ikkje er på forkjørsveg. Men veit du forskjellen på eit kryss og ei avkøyrsle?

Ulvenvegen opphøyrer som forkjørsveg rett etter Kolskogheiane, og vegen som kjem ut frå næringsområdet Kloppamyra, der det i fjor opna ein ny Spar-butikk, er heller ikkje parkeringsplass, gatetun eller liknande plass som ifølgje punkt 4 i paragraf 7 i Forskrift om kjørende og gående trafikk (trafikkregler) har vikeplikt. Då gjeld vel høgreregelen?

Spørsmålet er om dette eit kryss eller ei avkøyrsle. Og merkinga fortel kva vegvesenet meiner.

Vegmerkinga viser at sidelinja, som er stipla, går forbi Kloppamyra, den følgjer ikkje vegen inn i næringsområdet.

«Stiplet linje gjennom krysset betyr forkjørsrett, buet hvit linje inn i sidevegen at høyreregelen gjelder.»

Kloppamyra er ei avkjørsle, ikkje eit kryss.

– Det betyr at dei som kjem ut frå Kloppamyra har vikeplikt for trafikken på fv 5154 (tidlegare fv 160) Ulvenvegen, forklarer Bente Isdal frå plan- og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen.

Bråbremsing i Irgenskrysset

Nabokrysset, der Ulvenvegen skiftar namn til Strønevegen og møter Skeisflaten, er eit kryss, ikkje ei avkøyrsle.

– Eg er glad for at politiet har ein del kontrollar på Skeisflaten, men dei burde stilt seg opp i Irgenskrysset og sjekka om folk overheld vikeplikta, meiner ein annan som har sendt melding til Midtsiden.

Når du kjem frå Strøno eller Hagavik og køyrer mot Ulven, så har du vikeplikt frå høgre, altså frå Skeisflaten.

– Eg bur ved krysset og høyrer dagleg kraftige oppbremsingar. Detmest skremmande er når tunge køyretøy ikkje held vikeplikta, synest han.

Innsendar meiner òg at det burde vore skilta at Ulvenevegen ikkje er foprkjørsveg for dei som kjem frå Lyseklostervegen og køyrer utover Ulvenvegen.

Plan om forkjørsveg

Vegvesenet svarer at det er vanleg at ein veg som ikkje er skilta som forkjørsveg heller ikkje er forkjørsveg.

Men heile Ulvenvegen og delar av Strønevegen kan bli forkjørsveg.

– Det er utarbeidd planar om å gjera om heile Ulvenvegen til forkjørsveg, og Strønevegen fram til krysset ved Kysthospitalet.

– Men det er ikkje bestemt kor tid dette skjer, seier Isdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.