Kven skal mala dei to siste Os-ordførarane?

Kommune lyser ut konkurranse.

Skisse av foto frå då Søviknes i 2018 kom heim for nesten å bli Os sin siste ordførar - ein stolleik Bruarøy til slutt vann. (Foto/skisse: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. aug. 2020 15:17

Skal Terje, Marie og fusingane på veggen no? spurde vi 19. oktober i fjor.

På veggane i Os rådhus, som var i ferd med å skifta namntil Bjørnafjorden rådhus, hang det portrett av 26 ordførarar, frå Hans Astrup Krüger, som var ordførar frå 1838 til 1841, til Søviknes sin forgjengar, Geirmund Dyrdal (1995-1999).

– Søviknes og Bruarøy skal få sine portrett, men det er ikkje avgjort kven som skal mala eller kvar portretta skal henga, sa rådgjevar i administrasjonen, Andrs Hamre då.

Valet var over, og det nærma seg konstituerande kommunestyremøte. Til første møte i Bjørnafjorden kommunestyre (29. oktober) var måleria i all hast rydda vekk. Fusingane skulle føla seg likestilte.

Dei tre siste - før Søviknes og Bruarøy.

I dag opplyser kultursjef Erik Vangsnes om prekvalifisering av oppdrag med å måla tidlegare ordførarar i Bjørnafjorden kommune.

– Vi skal gjera ordførargalleriet etter Os kommune komplett.

Kunstnarar kan melda interesse i prekvalifisering om å mala portrett av dei to siste ordførarane: Terje Søviknes og Marie Lunde Bruarøy. Då Søviknes i desember 2019 starta ein kort karriere som helseminister, blei Bruarøy den historiske siste ordføraren i kommunen.

– Dei to portretta vil inngå i ein heilskap i ei stor portrettsamling med 26 oljemåleri av ordførarar i tidlegare Os kommune i Hordaland. Største delen av samlinga er måla av Sigurd Bugge. For å få samlinga komplett etter at Os kommune no er historie, ønsker Bjørnafjorden kommune to nye portrett, oljemåleri, av dei to siste ordførarane, skriv Vangsnes.

Bjørnafjorden kommune vil velga ut ein kunstnar som målar begge portretta. Kommunen oppnemner eit kunstutval med tre representantar som gjer val av kunstnar og følgjer opp oppdraget.

Slik blir oppdraget skildra:

  • Portretta skal vera utført i oljemåling. Vi ønsker eit naturalistisk stiluttrykk.
  • Storleik: 60 x 50 synleg mål, og måleria må vera innramma og med oppheng.
  • Økonomisk ramme er kroner 100.000 for 2 måleri, innramma, ferdig levert.
  • Det vert vektlagt høgt kunstnarleg nivå og utlysinga er open for alle som er interessert.

Frist for å melda seg interessert er fredag 4. september 2020.

Val av utførande kunstnar vert gjort innan 15. september. Frist for levering av ferdig verk er 10. desember 2020, står det i utlysinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.