Hjørdis Juvik på Lyngheim for å gjera klart til to innhaldsrike helger i det historiske tunet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kven skal mala Os-roser i framtida?

Kurs, utstilling og foredrag: – Både bruk og rekruttering er avgjerdane, seier Hjørdis Juvik.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I morgon startar kulturminnedagane, som varer til 15. september, og i år har tema «typisk norsk - ikkje berre norsk». Programmet i Os er blant fem nominerte til «kulturminnedagsprisen», for måten dei har klart «å tilgjengeliggjøre kulturminner for allmennheten og bidra til å skape forståelse og interesse for kulturminner og kulturmiljøer».

Denne første helga blir det to innhaldsrike ettermiddagar på det historiske tunet på Lyngheim, der det er utstilling av osrosemåling, foredrag om «Handverksbygda Os» ved Nils Georg Brekke og filmframsyning om treskohandverket i Os presentert av Vidar Bratlund-Mæland laurdag.

Søndag held fram med presentasjon av ny strikkedesign, «Osroso», neste helg er det kurs i rosemåling.

– Fleire av elevane våre stiller ut, rundt 20 frå Os og 7 frå Fana, fortel Hjørdis Juvik.

Ho har halde kurs i osrosemåling i 26 år, og er opptatt av både rekruttering og bruk som fører til at det kjende og karakteristiske rosemålarstilen frå Os held seg i live også i generasjonane som kjem.

– Moderne og brukarvenleg

Det er ikkje berre kister og gyngestolar som kan rosemålast, Hjørdis nemner ei rekke eksempel på korleis rosene frå Os kan dekorera kvardagen vår.

– Både vi og kursdeltakarane våre maler på ulike bruksgjenstandar, frå småmøblar og glas til permhaldar, trøe, kleshengar og kost. Skal Osrosene vera med oss i framtida må det brukast, og dei unge må lika det.

– For Osroso er det lettare enn mange andre. Rosene kan for eksempel malast utelukkande i nyansar av blått, noko som gjer det enklare å mala noko som ikkje er så «hyttete», men moderne, stilreint og passande òg i ein heim med meire moderne innreiing.

Når ut til unge kunstnarar

Juvik har ikkje berre reist rundt og halde kurs, ho har hatt over hundre skuleelevar heime hos seg for å visa kunsten. I puljer, rett nok, men heile huset blei fylt opp av fat som låg til tørk.

– Det er veldig kjekt å ha ungar på kurs. Dei oppfører seg eksemplarisk, og innimellom ser vi at det dukkar opp nokre talent.

– Korleis er det med rekrutteringa? Er det nokre unge frå tidlegare kurs som ligg an til å føra malarkosten vidare?

– Den mest lovande av dei unge vi har i dag er Lise Knudsen. Ho jobbar med lakkering, og teiknar fantastiske motiv. Då vi fekk ho til å prøva rosemåling blei vi heilt imponert.

– Ho sette seg ned, malte to maleri før andre var ferdige med eitt, og resultata blei kjempefine! Konsentrasjonen var dessutan på topp, ikkje mykje tyt, sånn det er på oss eldre damene, seier Hjørdis og ler.

I går tok Hjørdis imot Else Reiertsen, som leverte ting frå husfliden i Fana til utstillinga. No ser begge fram til to gode helger for Osroso.

Fleire saker