Kultur | 03. juli 2013

Kven skal spela med Eirik?

Søfteland Rock N LOL: Fredag klokka 18 går startskotet med Eirik og KingCalling. Men kva band tar Idol-Eirik med seg på familiefesten laurdag - og kvifor har han bestilt helikopter?

Kven skal spela med Eirik?
Tysdag i rockeklubben: Eirik på øving med bandet han har med seg til familiefesten laurdag klokka 12. Kven er musikarane med ryggen til? (Foto: Kjetl Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. juli 2013 07:42

Kongeoppdraget med oppvarming for Kings of Leon på Brann Stadion i august gjekk i vasken, då det ikkje blei selt nok billettar og konserten måtte avlysast. Men bandet har fleire andre oppdrag å sjå fram til.

KingCalling står klare til å opna festen på Sanden når Søfteland Rock N LOL til helga blir arrangert for 7. og siste gong.

Bandet, som fekk ein brakstart då bandet hadde sin første konsert på smekkfullt Bar2Be før jul i 2010, har sidan vore finalist i Emergenza-festivalen, spelt på flere scenar i Bergen, gav i haust ut EP og fekk i vinter laga og vist musikkvideoen sin på VG Nett.

– Vi har vore ein del på øving saman og tar med oss eit par nye låtar til hovudscenen på Rock N LOL på fredag, seier vokalist Eirik Søfteland.

Bandet består elles av Morten Torkildsen (gitar), Espen Austestad (gitar), Leif Herland (bass) og Kjetil Osablod Grønvigh (trommer).

Idol-fest med slekt og vennar

Laurdag på dagtid skal Eirik på scenen på Søfteland igjen - men då blir det i Idol-stil, og med eige handplukka akkompagnement.

Kameraten Olav Skorpen speler bass, ein annan kamerat, som han speler saman med i The Beauty, Jens Erik Aasmundseth (også kjent frå Major Parkinson), styrer trommesettet.

– Bortsett frå på Månemannen, då skal eg både spela trommer og synga, seier Eirik, som vil gjenta suksessen han hadde på Idol, og som avslører den eine av dei fire låtane han skal framføra.

Tar fram fiolinen

Eirik Søfteland har også fått med seg bluesgitarist Steinar Lyssand frå Blue Note Shuffle. I tillegg har han pappa Tord på gitar, og på fiolin.

– Skal vi spela Vamp så skal vi spela Vamp, seier Tord, med eit lurt smil, men kanskje også med litt sug i magen før han laurdag skal blåsa støv av fiolinen sin.

– "Er det framleis liv i den", sa Jon då han såg fiolinen min på øving. "Ja, men det er verre med fiolinisten", svarte eg.

Tord har tatt med seg fetter og kulturskulelærar Jon Søfteland Sæbø.

Med Jon - for første gang på lenge

– Eirik ville i utgangspunktet berre ha med seg gitar, bass og trommer, men eg sa vi måtte laga skikkeleg trøkk, så no er vi to gitarar og Jon på keyboard, i tillegg til Eirik, som også skal på tangentane.

Tord og Jon har spelt mykje saman, men det er mange år sidan Jon har spelt med Eirik.

– Første gong var då Eirik som 7-åring spelte trommer på ein vals i 60-årsdagen til mor mi, fortel Tord.

– Og så har eg hatt Eirik som pianoelev då då han var 11-12 år gamal, seier Jon.

Frå fest til fest - i helikopter

Eirik seier han ser på familiefesten som eit godt høve til å treffa osingane, små og store, og få litt tid til å skriva autografar, ta bilde, og snakka med folk.

– I tillegg vil eg ha med meg mest mogleg av festivalen og dei andre konsertane, seier han.

Familiefesten startar med Eirik klokka 12 og held fram med The Real Ones klokka 12.45.

Men blei det klart at Eirik skulle på Idol-fest i Nesbyen laurdag kveld, der Eirik skal synga med Siri og Astrid frå Idol.

– Planen var å kjøra bil, og då måtte eg ha kasta med rett frå scenen og i bilen etter konserten laurdag. Og noko nachspiel ville eg kanskje ikkje nådd fram til på returen.

Men så kom han på at han er rockestjerne - og då er det lov å ta helikopter når du har det travelt.

- He, he! Ja, det blir litt rockestjerne-fakter, men eg gjer dette for å få mest mogleg tid på Søfteland, både saman med publikum og saman med vennar på kveldstid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.