Lokal | 26. mai 2015

Kven skal vi slå oss saman med?

Kommunen vil høyra kva du meiner og inviterer til folkemøte om kommunesamanslåing onsdag.

Kven skal vi slå oss saman med?
Ordførar Terje Søviknes (Frp) inviterar til folkemøte onsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 26. mai 2015 06:25

Skal Os stå åleine eller slå seg saman med andre kommunar? Skal vi vera ein stor del av ein Bjørnefjordkommune? Eller ein liten del av ein storkommune saman med Bergen og andre kommunar? Kva for alternativ har vi? Og kva er best for bygda vår i det lange løp?

– Spørsmåla er mange og meiningane sterke. Vi vil gjerne høyra kva osingane tenkjer, seier ordførar Terje Søviknes og inviterer til folkemøte i Oseana førstkomande onsdag.

Kommunane i Noreg står føre den mest omfattande reforma på over 50 år. Målet for reforma er større og meir robuste kommunar, og eit betre og meir effektivt tenestetilbod til alle innbyggjarar. 

Samstundes kan vegen fram til eventuell samanslåing av ulike kommunar vere lang og kronglete - både kjenslemessig og reint praktisk. Arbeidet med utgreiing av alternativa for Os kommune er godt i gang, og ei politisk styringsgruppe har ansvar for å drive arbeidet vidare. Styringsgruppa er sett saman av formannskapet i Os kommune og gruppeleiarane som ikkje sit i formannskapet (KrF, SP, FrP). Assisterande rådmann, Paul Jostein Manger, er sakshandsamar.

Mange moglegheiter

Våren 2016 skal formannskapet og kommunestyret fatte eit endeleg vedtak, og i 2017 vil Stortinget handsame framlegga til ny kommunestruktur.

– Os har mange moglegheiter. Vi er store nok til å stå på eigne bein. Men samstundes kan vi kome i ein situasjon der vi ikkje berre kan tenkje på oss sjølve, men må ta eit større ansvar i regionen. E39 og bru over Bjørnefjorden vil òg endre kartet, seier ordførar Terje Søviknes.

Flest vil til Fusa, færrast til Bergen

Styringsgruppa har gjennomført ein analyse for å avdekke sterke og svake punkt ved ulike alternativ for samanslåing. Ei spørjeundersøking syner at 60 prosent av osingane er mot kommunesamanslåing, medan 33 prosent er for. Av desse 33 prosenta, meiner eit stort fleirtal at Fusa er det beste alternativet, med Samnanger og Tysnes på dei neste plassane. Svært få svarer at dei ynskjer samanslåing med Bergen.

– No er vi i ein fase kor vi må velje kva vi skal gå for. Vi vil gjerne høyre kva folk meiner og tenkjer om ei eventuell samanslåing med andre kommunar. Denne reforma vil ha stor innverknad på dagleg- og arbeidsliv i framtida, og det er viktig for oss i styringsgruppa å hente inn så mykje informasjon som mogleg. Kom på folkemøtet, still spørsmål og gje oss dine synspunkt, oppmodar ordføraren.

Folkemøtet er onsdag 27. mai kl 19-21 i Oseana.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.