Lokal | 18. mars 2012

Kvinne dømt for ran

Først blei ho tatt på ein busshaldeplass med ferskt tjuvgods, blant anna ein tv (!), så blei ho tatt for fleire tjuveri på Lagunen.

Kvinne dømt for ran
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. mars 2012 08:23

I november 2010 var ei kvinne frå Os, som no er i 40-åra, med på å ta seg inn i ein bustad, truga han som budde der med kidnapping og stela fleire ting, blant anna tv-en hans.

Ho og ein mann, som no er død, blei tatt av politiet medan dei sto, med tv-en og resten av tjuvgodset, og venta på bussen (!).

Kvinna var i tillegg tiltalt for to tilfelle av tjuveri på Lagunen 23. mars i fjor. Ho hadde stole badeklede, smykker og sminke for nesten 3000 kroner hos Hennes & Mauritz og eit stearinlys verdt 19,50,- hos Christiania Glassmagasin.

Kvinna blei tatt då ho gjekk på Fana lensmannskontor for å få utlevert nokre bilnøklar dei hadde tatt beslag i. Kvinna framsto som rusa og blei ransaka. På kvinna fann politiet varer dei tidlegare på dagen hadde fått melding om at butikkane hadde funne etikettane på inne på eit prøverom.

Tiltalte møtte i retten og erklærte seg ikkje skyldig.

Men retten mottok forklaring frå seks vitne og hadde bevis nok til å finna ho skyldig på alle punkt.

Det grovaste tilfellet var då ho og ein mann tok seg inn i huset til ein mann som låg og søv, onsdag 17. november i 8-tida om morgonen. Mannen ho hadde med seg tok ved fleire tilfelle kvelertak på fornærma. Begge var trugande og dei skal ha stripsa saman nevane hans og snakka om å ta han med seg.

Bakgrunnen for ranet og trugslane skal vera tvist om ein hund, ein hund fornærma hadde fått av tiltalte for å ta seg av han. Men fornærma hadde gjeve hunden vidare til andre for at dei skulle ha omsorg for han. Men så ville kvinna brått ha hunden igjen.

Kvinna blei dømt til fengsel i 1 år. Tre dagar i varetekt kjem til frådrag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.