Lokal | 01. mars 2012

Kvinne fekk bank av mann

Politiet har vore ute på fire tilfelle av husbråk i vinterferien. I går enda det på sjukehus for ei kvinne, på legevakt for ein bror.

Kvinne fekk bank av mann
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. mars 2012 10:29

Onsdag i 12-tida fekk politiet melding om familievald i ein bustad i Os.

– Ei kvinne hadde fått bank av sambuaren sin. Kvinna blei frakta til sjukehus, mannen blei tatt med til arresten, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Kvinna blei lagt inn med beinbrot. Kva bein kvinna hadde brote, og kva andre skadar ho har, vil ikkje Sperrevik ut med.

Barnevernet blei også kopla inn.

– Vi har vore ute på fire meldingar om husbråk denne veka. Dette er den mest alvorlege av dei.

Brør i blodig slåsskamp

I 21.30-tida onsdag kom ny melding om husbråk.

– To brør hadde byrja å slåss, fortel Sperrevik.

Fornærma blei tatt med til legevakt med kutt. Dei to involverte er i 20-åra.

Berserk på ungdomssenter

Onsdag i 18-tida var det også bråk i Os. Då var det ein gut på eit ungdomssenter som blei vanskeleg å ta hand om.

– Han var heilt krakilsk og knuste inventaret på senteret.

Etter at det roa seg, og han hadde fått ein prat med politiet, blei ungdomen dimittert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.