Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)

Kvinne frå Os dømt for underslag

Organisasjon i Os blei tappa for over 60.000 kroner.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Kvinna i 40-åra jobba som styreleiar i organisasjonen, og i perioden juni til november 2016 hadde ho tilgang til organisasjonens sin bankkonto.

Det er i denne perioden ho er dømt for å ha overført pengar til eigen konto, og for å ha misbrukt organsisasjonens midlar til eiga vinning.

Underslaget blei meldt i januar 2017.

Tilsto i retten

Den domfelte kvinna tilsto underslaget, og påtalemakta la ned påstand om fengsel i 30 dagar. Straffa kunne gjerast betinga med ei prøvetid på 2 år i tillegg til ei bot på 5000 kroner.

Retten la i straffeutmålinga vekt på at sikta hadde gjort seg skuldig i et alvorleg tillitsbrot, at ho hadde ramma ein organisasjon med beskjeden økonomi, og at handlingane hadde gått ut over ei stor gruppe menneske.

Fengsel på vilkår

Kvinna blei dømt til 30 dagars betinga fengsel, med ei prøvetid på 2 år.

I tillegg blei ho dømt til å betala ei bot på 5000 kroner. Ho må òg betala 49.146 kroner attende til organisasjonen.

Dommen blei vedtatt på staden.

Fleire saker