Kvinne frå Os vann 1 million kroner
Ei anna ung kvinne vann 100.000.
Fredag blei Os trekt ut som hovudvinnarnabolag i Norsk Tipping sitt spel «Nabolaget».
Ei kvinne i 30-åra frå dette nabolaget vann 1 million kroner.
Norsk Tipping fekk tak i kvinna, men brukte lang tid på å overbevisa ho om at ho hadde vunne, sjølv om ho frå før hadde Norsk Tipping sitt telefonnummer lagra på mobilen.
Kvinna sa ho ville ta seg fri ei veke for å reisa på ein fin ferie.
• Les òg: Kvinne frå Os vann 80.000 kroner i Postkodelotteriet (juli 2019)
I tillegg blei det trekt ut ein vinnar av 100.000 kroner.
Denne summen gjekk til Andrea Forstrønen (24), som var på jobb då Norsk Tipping ringte.
Ho fortalte at det var andre gong ho hadde tippa Nabolaget, og at ho gledde seg til åkoma heim frå jobb og fortelja det til sambuaren, som ho ville ta med på ferie.