Kvinne funnen av hundepatrulje
Gjekk seg vill på veg til Lyshornet.
Laurdag ettermiddag blei politiet kontakta av ei kvinne i 30-åra som ikkje fann tilbake på stien på veg til Lyshornet (405 moh).
– Ho forklarte at ho ikkje var fjellvant eller kjent, og trengte hjelp til å koma seg ned igjen, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.
Os Røde Kors hjelpekorps og Norske Redningshunder stilte saman med politiet. Det blei brukt sirener som lydsignal i forsøk på å hjelpa kvinna å orientera seg.
– Bruk av appen RescueMe gav oss nokolunde lokalisasjon. Kvinna ringte klokka 17.05 og blei funnen av politiet og Røde Kors i 19-tida.
Ho kom seg ned før det mørkna og blei køyrd heim av Røde Kors.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.