Politi | 01. sep. 2022

Kvinne køyrde i autovernet - mistenkt for promillekøyring

Politiet har oppretta sak.

Kvinne køyrde i autovernet - mistenkt for promillekøyring
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. sep. 2022 05:37

Ein bil køyrde i autovernet på E39 Byvegen på Søfteland i natt.

Uhellet skjedde litt før klokka 03.50.

– Det er ingen personskade, men vi har mistanke om promillekøyring, opplyser Vest politidistrikt.

Bilen måtte tauast vekk.

Bilførar, ei kvinne i slutten av 40-åra, blei tatt med for blodprøvetaking. Det er oppretta sak.

Oppdatert/retta: Politiet opplyser torsdag formiddag at det likevel ikkje er tatt beslag i førarkort. Dei ventar på resultat av blodprøve. Kvinna erkjenner ikkje straffeskyld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.