Lokal | 07. juni 2020

Kvinne mistenkt for promille - mann mistenkt for ulovleg jakt

Politiet ber jeger ta kontakt.

Kvinne mistenkt for promille - mann mistenkt for ulovleg jakt
(Ill. foto:Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. juni 2020 07:18

Laurdag formiddag klokka 11.15 fekk politiet melding om gåsejakt i Gåsakilen (!).

– Vitne fortel om mann med hund som såg ut til å jakta på gås eller and. Det blei òg lausna skot, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Ein patrulje var i området og leitte etter mannen. Dei ber han no ta kontakt.

– Det er ikkje tida for jakt no, og naboar blei uroa og lurte på om det var trygt å gå tur.

Det blir frå tid til anna innvilga løyve til skadefelling av gås om våren, noko det nyleg blei gjort på Moberg. Politiet har ikkje undersøkt opplysingane i går opp mot eventuelle løyve.

Forvaltingsplan for gås skal opp i kommunestyret 16. juni. Den rår til oppstart to veker før normal tid, altså 26. juli i staden for 10. august.

Mistenkt for påverka køyring i natt

Klokka 04.35 i natt blei ei kvinne mistenkt for køyring med promille. Køyringa skal ha funne stad mellom Nore Neset og Halhjem.

– Bilen sto parkert utanfor heimen, med nokre skadar. Det kan sjå ut som om ho har vore borti nokre gongar på veg heim, men det var ingen personskade.

Utandingsprøve gav utslag. Kvinna, som er i 20-åra, blei tatt med til legevakt for blodprøve. Ho samtykka i midlertidig beslag i førarkortet.

Fekk åtvaring frå politibåten

Ein lastebil blei stoppa og avskilta på Nordstrøno i går. Bilen har ikkje vore inne til periodisk kontroll.

Politibåten «Kjølen» var ute i regnet i går, og køyrde innom både Os hamn, Halhjem, Øyane og Hagavik.

Det blei gitt éi muntleg åtvaring.

Politibåten Kjølen var i Os i går. (Arkivfoto: KVB)
Politibåten Kjølen var i Os i går. (Arkivfoto: KVB)

I 00.30-tida kom det klage på støy frå fest på Haugland. Då politiet kom til staden var det roleg stemning og festen var i ferd med å bli runda av. Også natt til laurdag kom det klage på støy frå fest, då var det frå Nordstrøno.

Os sentrum skal ikkje ha vore prega av at nattklubb no er i drift igjen etter tre månadar med koronastengt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.