Kvinne ramla på sjøen
Redningsdykkarar, politi og ambulanse rykte ut til Os Sjøfront fredag morgon.
Litt før klokka 8 i dag rykte politi, brannvesen og ambulanse ut på melding om person i sjøen.
– Vedkomande hadde ramla utfor brygga ved Os Sjøfront, fortel politibetjent Kjetil Hansen.
Brannvesenet stilte med dykkarar, men då redningsmannskapet kom fram hadde personen kome seg på land.
– Kvinna, som er i 30-åra, blei undersøkt på staden og kom uskadd frå hendinga, opplyser politiet.
Åtvarar mot ferdsel på glatte brygger
– Mange brygger er våte og glatte no om hausten, ver varsam!
I stormen onsdag reagerte Os brannvesen på ferdsel av skodelystne på bryggene i Os hamn.
– Bryggene er glatte, og når bølgjene skvulpar opp som dei gjorde onsdag kveld skal det lite til for at du ramlar. Hamnar du i sjøen så blir du fort kald, og når bølgjene er høge kan det vera vanskeleg å koma seg på lan, åtvarar Anne Kjersti Storebø frå Os brannvesen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.