Både underetasjen og overetasjen har fått store røykskadar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kvinne til sjukehus etter bustadbrann på Kuventræ

Mor og son berga seg ut av hus fylt med røyk.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag klokka 12.49 meldte 110-sentralen om brann i bustad i Kuventrævegen, nær Furulunden.

Brannvesen, politi, ambulanse og lege rykte ut til staden. Os brannvesen fekk assistanse av Bergen brannvesen.

– Det var to personar i bustaden då det byrja å brenna. Begge berga seg ut på eiga hand, seier vakthavande politibetjent på staden.

I bustaden var ei kvinne og sonen hennar. Begge blei sjekka av helsepersonell på staden, men klokka 13.33 fortel politiet at kvinna har pusta inn røyk, og blir køyrd til Haukeland med ambulanse.

Opne flammar og mykje røyk

Dei to sto utanfor huset då brannvesenet kom fram. 

– Bustaden var fylt med røyk. Særleg overetasjen, seier utrykkingsleiar i Os brannvesen, Kjersti Lien.

Fleire røykdykkarlag har vore involvert. 110-sentralen sendte også bil og mannskap frå Bergen brannvesen til staden.

Brannen blei meldt sløkt klokka 13.30, men det er framleis arbeid på staden.

Kuventrævegen var stengt mens sløkkearbeidet pågjekk. Det er klokka 13.48 uvisst om vegen har opna igjen.

Fleire saker