Lokal | 04. juni 2012

Kvinne utsett for blotting

• Ungdom i grå bil blotta seg i Lysefjorden• Vassjet herja i Os hamn• Helikopter skremte hestar

Kvinne utsett for blotting
Her i Søvikvågen sto kvinna då blottaren stoppa i ein liten grå bil. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. juni 2012 08:37

Ei kvinne som fredag sto i Søvikvågen, nær avkjørsla til ungdomshuset og venta på bussen, blei utsett for blotting.

– Ein liten grå bil kjørte forbi. Så snudde føraren, som var åleine i bilen, og kom tilbake og spørte etter ei retningen, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Kvinna forklarte og peika, men oppdaga så at føraren, ein ung mann, sat og viste fram kjønnsorganet sitt.

– Han kjørte raskt frå staden. Patruljen var ute og leita etter han, men fann han ikkje, seier Sperrevik.

Har du tips i saka kan du ringa politiet på 48002480.

Skremt av helikopter

I løpet av helga har politiet også fått melding om knust rute i hytte på Drange og hestar som var skremt av helikopter.

– Eit helikopter skal ha flydd for lågt over Lyssand, sånn at hestane på staden blei skremt.

– Ei hytte på Drange har fått knust ei rute. Det er ikkje mistanke om innbrot eller tjuveri.

Kontroll og vassjetkjøring

Politiet har også fått melding om tullekjøring med vassjet i Os hamn, men var då opptatt og fekk ikkje rykka ut.

Laurdag formiddag hadde politiet trafikkontroll på Lepsøybrua. 26 blei kontrollert, alle var OK.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.