Lokal | 30. juni 2013

Kvinne vann 3,8 millionar

Osing blei Lotto-millionær: – Det e' heilt fantastisk! Dette er den beste dagen i heile mitt liv!

Kvinne vann 3,8 millionar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. juni 2013 18:28

Tre vinnararar delte potten på 11 millionar kroner laurdag, dei tre blei 3.801.750 kroner rikare.

Ingen av dei tre hadde fått med seg tv-sendinga, og blei derfor svært overraska då Norsk Tipping slo på tråden.

Éin av vinnarane er ei kvinne i 60-åra frå Os.

Bak feil stjerne?

– Nei, det e'kje sant! Det e heilt fantastisk! Dette er den beste dagen i heile mitt liv! seier kvinna, ifølgje norsk-tipping.no.

– Eg har hatt mykje uflaks gjennom livet, og har alltid påstått at eg blei fødd bak feil stjerne. No stemmer ikkje det lenger, seier vinnaren.

Gledesutbrota skal ha blitt følgt opp av latterbrøl og jubel frå venninnene i bakgrunnen.

Vil laga halloi

Kvinna ønskjer førebels å vera anonym.

– Men eg skal laga halloi hos kommisjonæren. Der plar eg stikka kortet inn for å sjå om eg har vunne, fortel ho.

Vinnarspelet blei kjøpt hos COOP Extra på AMFI Os.

Her er vinnartala: 8 - 14 - 21 - 25 - 28 - 29 - 32

Tilleggstal: 4 - 20 - 22

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.