Lokal | 30. des. 2019

Kvinnelege sjåførar varsla om tafsete passasjerar

Fire tilfelle før jul: Os Taxi-leiinga ringte arbeidsgjevar til to av passasjerane.

Kvinnelege sjåførar varsla om tafsete passasjerar
To passasjerar var nær å bli meldt til politiet etter ein tur heim frå julebord. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. des. 2019 17:06

Os Taxi fortel om ei travel, men stort sett fin juletid. Også sjølve julekvelden kan dei ha oppmot full bemanning, noko som tilsvarar 13 «småbilar» og to store drosjar.

– Eg har sjølv jobba julaftan, som kan bli travel i 23-tida med ein litt annan type passasjerar, heile familiar som skal heim frå besøk. Det er i grunnen ein koseleg kveld å jobba, seier løyvehavar Ole Henning Kristoffersen.

Like koseleg var ikkje julebordsesongen for alle sjåførane.

– Vi er heldige som har fleire kvinnelege sjåførar, god mix er med på å bidra til eit godt arbeidsmiljø.

– Men dessverre er det ikkje alle passasjerane som klarer å oppføra seg mot desse. Nokre har vore så ufine at det fekk konsekvensar.

Tok sjåføren på puppane

Leiinga i Os Taxi har vore klare med sine tilsette på at dei, sjølv om mange av passasjerane i helgene er fulle, ikkje skal finna seg i ei framferd som folk på dagtid ville reagert på.

– Vi skal sjølvsagt vera serviceinnstilte og visa tolmod, og det synest eg verkeleg at sjåførane våre gjer. Men vi hadde dessverre fire episodar fordelt på to helger før jul, der passasjerane gjekk langt over grensa.

Nokre av sjøførane fortel om kladding på skulder, saman med upassande dose kompliment, eller beføling av lår.

– Det verste tilfellet var ein kvinneleg sjåfør som blei tatt på puppane samtidig som ein annan passasjer heldt ho fast.

Ringte til arbeidsgjevar

Kristoffersen fortel at julebordgjestar skil seg ut, og at det eine tilfellet var så grovt at dei ville melda det til politiet.

– Den kvinnelege sjåføren sa nei, men vi fann ut kven dei jobbar for, og kontakta sjefen deira. Han fann ut kven dei to aktuelle mennene er, og eg har forstått det sånn at det fekk konsekvensar.

Ein annan kar dei fann ut kven er, blei kontakta direkte.

– Han har vore upassande før, og fekk beskjed om at viss noko liknande skjer éin gong til, så blir han aldri meir transportert av Os Taxi.

– Folk får flørta så mykje dei vil når dei er på fest, men eg vil oppmoda alle om å oppføra seg fint med damene, ikkje minst sjåførane våre.

Effektiv drift i travle periodar

Før jul har Os Taxi samla flest mogleg av sjåførane sine for gjennomgang av tryggleiksrutinar, korleis alarmen fungerer og kvar grensa går.

Samtidig har dei planlagt effektiv avvikling av dei travlaste kveldane.

– I førjulstida hadde vi vaktar på haldeplassen for å koordinera mest mogleg samkøyring. At det blir nokre færre turar på oss får våga seg, vi vil ikkje at folk skal stå lenge og venta.

På Lille Nyttårsaften-festen i kveld kan store delar av haldeplassen bli flytta til Nore Neset. Nyttårsaftan i morgon er òg ein dag som skil seg ut.

– Nyttårsaftan skil seg ut ved at trafikken spreier seg frå tidleg kveld til seint utover natta. Vi har fleire yngre passasjerar, og vi køyrer gjerne same person tre-fire gongar i løpet av ein kveld. Folk reiser gjerne meir frå fest til fest.

– Utover det å oppføra seg fint, har du ei oppmoding til passasjerane på dei travle kveldane?

– Eg kan informera om at vi prioriterer haldeplassen, dei som sit innandørs kan venta.

– Det er ikkje vits å ringa for å bestilla drosje om du er i sentrum, i forsøk på å ta ein snarveg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.