Lokal | 24. mars 2012

Kvinner i slåsskamp

Ein Bar2be-gjest blei kjørt i arresten i natt, to timar seinare rykte politiet ut på slåsskamp mellom to kvinnelege gjestar på Irish Cat.

Kvinner i slåsskamp
Bar2Be. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 24. mars 2012 09:01

Politiet i Os fortel om tre tilfelle av uro og bråk i natt.

Eit av tilfella handla om høg musikk i Finnebrekka. Den rykte politiet ikkje ut på, for dei var opptatt med forhold i sentrum.

– Klokka 00.40 fekk vi melding om bråk på Bar2Be. Ein mann i midten av 20-åra blei tatt med, via legevakt, til Bergen for overnatting i arresten, seier politibetjent Therese Bernsen.

Klokka 03.05 fekk politiet melding om slåssing på Irish Cat.

– To kvinner hadde slåss med kvarandre. Patruljen fekk snakka med begge partane.

OPPDATERT: Etter det Midtsiden kjenner til var det snakk om ei kvinne som gjekk til angrep på ei anna kvinne. Fornærma rakk å slå eit slag tilbake før dei to blei skilt frå kvarandre. Fornærma skal ha sagt at ho vil melda episoden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.