Lokal | 29. jan. 2014

Kvinner og abort

Lesarinnlegg: Skal vi ha reservasjonslegar i Os kommune?

Kvinner og abort
Laila Reiertsen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. jan. 2014 08:22

Helse og omsorgsdepartementet har sendt ut ei høyring som gjeld reservasjonsretten for legar som henviser til abort.

Det har vore stort fokus på dette i ulike media. Grunnen er at nokre stadar i landet har det vore ein praksis som strir mot reglane, både når det gjelder føreskriving av prevensjon og henvising til abort.

Så kan ein seia at desse stadane der legar som er tilsette i desse kommunane har nekta kvinner i ein sårbar situasjon naudsynt helsehjelp, allereie då ikkje har gjort jobben sin og nærmast driv ordrenekt.

I høyringsskrivet står det at ein ikkje vil at legar kan nekta, men at dei får mogelegheiter til å reservera seg mot å henvisa til abort, om det ikkje går ut over kvinna si rett til rask henvising til sjukehus når ho ønskjer abort.

Sjølvsagt ønskjer ein heile tida å få ned aborttala i Noreg.

Og dette må ein heile tida arbeida for. Men likevel så kjem mange kvinner i situasjonar der dei treng hjelp, støtte og medisinsk behandling når det gjeld abort.

Ein er ofte i den djupaste og mest sårbare livsopplevinga ein kan vera i.

Ein trenger ikkje usikkerheit og utryggleik for at legen ein oppsøkjer har samvitskval, der ein utrykkjer enten verbalt, eller med sin væremåte ”dette er eg heilt imot”.

Eller dei sender kvinna på dør til ein annan lege som ho aldri har vore hos før. Eller kva då viss det berre er ein eller to legar i ei lita bygd? Og begge reserverte seg? Skulle ein då reisa kanskje mange mil til neste lege? Ein hadde i alle fall ikkje vorte mindre utrygg eller sårbar.

Difor er det betre å luka vekk ordet reservasjon i all framtid når det gjeld aborthenvising, prevensjonhjelp eller for den saks skyld sterilisering. For det hadde kanskje vore det neste.

Det finst nok av legestillingar tilgjengeleg for dei som ikkje vil hjelpa kvinner i sånne vanskelege situasjonar.

Og ifølgje høyringsnotatet så er det kvar enkelt kommune som skal ta ei avgjerd. Kva då med likskap for alle?

Kvinner, her må me stå saman uansett politisk farge. Og seia klårt i frå.

Os kommune vil at kvinner som kjem i slike sårbare situasjonar skal vera viss om at ho får den hjelpa ho treng hos den legen ho oppsøkjer i kommunen vår.

Laila Marie Reiertsen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.