Kyrkjeflaten godkjent for 17. mai!
Etter fleire veker med tvil blir plenen i dag sett på som tørr nok til også i år å ta imot fleire tusen til underhaldning og talar 17. mai.
Bildeserie:
Dårleg drenering gjer at nedbøren som kom før kulda sette inn, og lengda på vinteren, prega plenen på Kyrkjeflaten heilt fram til i dag.
• Les òg: 17. mai her?
Beste alternativ var grusbanen til Os ungdomsskule.
– Vi har òg målt opp og sjekka forholda både på asfalten ved ungdomsskulen og, som det kom forslag om; framfor rådhuset. Desse plassane er litt små i forhold til Kyrkjeflaten.
«Litt sjukmeldt - men godkjent»
Fredag var Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune på graset, som framleis var vått, og utsette avgjerd til i dag.
Varmt og tørt vêr i helga har fått det til å tørka litt opp, og det er meldt opphaldsvêr og sol til og med 17. mai.
– Kyrkjeflaten er framleis lettare sjukmeldt, men med eit og anna sperreband skal vi klara å arrangera 17. maifeiring på Kyrkjeflaten i år òg, seier Grønvigh.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.