Kultur | 27. apr. 2023

La fram ruta til årets 17. maitog

Styrer unna både Landboden og Finnebrekka.

La fram ruta til årets 17. maitog
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. apr. 2023 11:09

I starten på april blei det klart at årets 17. arrangement i Os sentrum blir med talar og song FØR avmarsj, ved minneparken og Gisakavollen parkering, ikkje på Kyrkjeflaten, som vanleg, eller i Oseana, som i fjor.

Giskavollen, her før avmarsj i 2022, blir ikkje berre oppmøtestad i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògHar plan om ein ny vri på 17. mai i Os sentrum

I dagens møte i formannskapet la varaordførar og valt medlem av årets 17. maikomité, Harald Lekven (uavhengig), fram ruta toget skal gå.

– Vi var heldigvis tidleg førebudd på at det kunne bli vanskar med tidlegare trasé, og bestemte oss nyleg for eit alternativ, sa Lekven.

Det pågår vegarbeid både i Landboden og Finnebrekka, og då komiteen ikkje kunne få garanti for at desse blei god å gå på, blir dette ruta:

Bildeserie:

Ruta merkt i kart. (Bjørnafjorden kommune)
Ruta merkt i kart. (Bjørnafjorden kommune)
1 av 1
Ruta merkt i kart. (Bjørnafjorden kommune)
  • Hovudprosesjonen startar ved Giskavollen parkering og Os Minnepark
  • Turen går vidare ned Giskavollen til Byvegen
  • Når toget har gått over Osbrua, blir det inn Hamnevegen, rundt Irisgården, opp til Kiwi og ut på Hatvikvegen igjen (her blir det spennande om enden av toget har kome seg inn Hamnevegen før flaggborga i front skal over brua)
  • Turen held fram til Os terminla, inn Øyro, forbi Havnechen med stopp ved Fana Sparebank.

– Vi er i dialog med politiet og øvrige aktørar om det å stenga E39, og har fått positive signal på det, sa Lekven.

Han sikta naturlegvis til det som frå 2005 har vore fylkesveg 583 Byvegen. I tillegg er det, som vanleg, vandring på fv 552 Hatvikvegen.

Les ògEi veke til opning: Hugsar du Svegatjørn?

Byvegen har vore stengt før, då Os Sentrumsforening arrangerte rundballe-løp i samband med Bondens Dag og valkamp.

Varaordførar kunne også fortelja at kostnaden med årets 17. maimarkering i Os sentrum vil vera vesentleg lågare enn tidlegare år.

– Det blir verken leige av scene, som vel har vore den største kostnaden, eller underhaldning.

– Det betyr ikkje at det skal vera sånn i alle åra framover. Dette blir ein lightversjon i ein overgangsperiode.

Kommunen har som mål å ikkje stå for heile arrangementet åleine, men delta i ein komité saman med frivillige krefter.

Komiteen har også fått positive signal frå innbyggarar på dette med at talane kjem før toget.

– Dei som skal ut i krinsane på arrangement etter toget på Os, meiner det no blir mindre hektisk.

Årets komité består av: kultursjef Erik Vangsnes (leiar), dei to valte representantane Harald Lekven og Tore Kleppe (Frp), og frivillig Anders Hjelle.

– Vi har no møter kvar veke. Vi prøvde i starten å få næringslivet i sentrum med på noko rundt arrangementet. Dei er positive til å bidra seinare år, men seier det kom noko brått på i år.

– Elles vil Os kyrkje ha kafé i Tunet, som vanleg. Det er også aktørar som vil stå i Os sentrum med salsbod denne dagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.