Sport | 03. mars 2019

La seg i tet på gøy - persa i Vasaloppet

Gunnar Bøthun gjekk Vasaloppet for tiande gong - og kom på 67. plass av 14.711 deltakarar.

La seg i tet på gøy - persa i Vasaloppet
Gunnar Bøthun låg i tet då han blei filma av eigen arbeidsplass. (Skjermskot, NRK)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. mars 2019 19:08

Bildeserie:

Gunnar før start på 95. utgåve av Vasaloppet. (Privat foto)
Gunnar før start på 95. utgåve av Vasaloppet. (Privat foto)
Bøthun (t.h.) side om side med vinnaren, Berdal. (Foto: Visma Ski Classics/Magnus Östh)
Bøthun (t.h.) side om side med vinnaren, Berdal. (Foto: Visma Ski Classics/Magnus Östh)
1 av 2
Gunnar før start på 95. utgåve av Vasaloppet. (Privat foto)
Bøthun (t.h.) side om side med vinnaren, Berdal. (Foto: Visma Ski Classics/Magnus Östh)

Osingen Gunnar Bøthun har deltatt i det svenske 90 kilometer lange turrennet kvart år sidan 2010.

I fjor kom han på 107. plass, hans til då nest beste resultat. I dag slo han rekorden på 76. plass frå 2015 og gjekk i mål på 67. plass.

– Eg trener mindre enn for 3-4 år sidan, no når eg er småbarnsfar, men klarer likevel eit snitt på ein time om dagen, seier den tidlegare Ironman- og Norseman-deltakaren.

– Men eg visste ikkje kor godt eg låg an før eg var kome i mål.

Gunnar gjekk i mål på tida 04:51:38, som var 12,23 bak vinnaren, norske Tore Bjørset Berdal. Den tidlegare OL-vinnaren (2002) Anders Aukland kom på 7. plass, også han rundt 12 minutt før Bøthun.

La seg i tet for TV-kamera

Gunnar bur i Oslo og jobbar som NRK-journalist. Då rundt ein tredel av løpet var gått, la han seg i tet for eigen TV-kanal.

– Det var mjukt føre og snødde tett, og då blir teten liggande ganske tett.

– Det var fleire som stakk framom teten i periodar, då det var sjanse for å koma på TV. Eg stakk i tet då ein snuskuter med kameramann nærma seg.

Slo svenskeprinsen med god margin

Men etterkvart blei det tyngre og tyngre å gå forbi folk.

– Det er fire-fem spor i breidda, men når det snør så går folk stort sett i ryggen på nokon, og då snør dei andre spora igjen. Då er det tungt å legga seg ut og gå forbi.

Gunnar gjekk lite åleine, og gjekk store delar av løpet saman med to svenskar frå Mora SK. Han fekk ein av dei framfor seg og éin rett bak over målstreken.

Ein annan svenske frå same idrettslag, H.K.H. Carl Philip, kom på 5.726 plass med tida 08:46:12.

Ein annan kjendis som hamna bak Bøthun var komikar Nils Ingar Aadne med tida 05:07:43.

– Eg har høyrd at Nilsi trener 700 timar i året, så han tar meg nok igjen, seier Gunnar når Midtsiden opplyser om kjendis-tida.

Damene sist

Dei 80 antatt beste startar i seeda gruppe, dei 200 neste, som Gunnar har vore del av dei siste åra, blir òg sett på som elite.

Bøthun kom seg tydelegvis forbi nokre av dei 80 frå nivået over, og hadde for første gong heller ingen kvinner før seg over målstreken.

Svenske Britta Johansson Norgren vann dameklassen på tida 04:54:24, nesten tre minutt bak Bøthun.

På spørsmål om neste konkurranse, svarer Bøthun at det truleg blir med Vasaloppet.

– Eg har ikkje tid til å trena meg opp til nokre triatlon lenger, så Vasaloppet 2020 er nok neste mål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.