Lokal | 30. okt. 2014

La strøneskulen leva!

Lesarinnlegg: Eg kan ikkje forstå at 2-3 millionar kroner som ein vil spara i Strøno skal redda heile skulebruksplanen.

La strøneskulen leva!
Strøno barneskule. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. okt. 2014 20:01

Kjære rådmann, einingsjef for skule- og oppvekst, formannskap og kommunestyre!

No føler eg, som tidlegare kommunepolitikar og mange år i «taushet» at eg lyt ta bladet frå munnen, etter å ha lese gjennom forslag til budsjett for neste år og åra som kjem.

Det som skjer meg i hjarta er at ein skal «ofra» den oppveksande slekt i Strøno på skulebudsjettets «alter». Eg kan ikkje forstå at 2-3 millionar kroner, som ein vil spara i Strøno, liksom skal redda heile skulebruksplanen i Osbygda for neste år og åra som kjem! Reknestykket her må mangla både tal og logikk!

Etter at politikarane i vår ba om ei klårare utgreiing frå rådmannen på forslaget om flytting av elevar/nedleggjing av skulen i Strøno, så tykkjer eg ikkje dei har fått så mange, nye og gode argument for å gå til dette drastiske steget!

Det kan verka som om dei elevane som skal bussast frå Strøno til Nore Neset ikkje har same «status» som dei inne i sentrum. Ein treng ikkje gå lengre enn ca. eitt år attende for å synleggjera det!

Saka då var at 13 elevar frå Kuventre og Os måtte bussast til Søfteland. Då vart det «ramaskrik» og aksjon, men brått vart 12-15 mill. funne fram utanom både budsjett og planleggjing og nytt tilbygg til Kuventre skule sto ferdig til skulestart i år. Vel og bra for dei det gjeld, men det er då ein reagerer på forskjellsbehandling innan same etat.

Strøno skule er ein ny og velfungerande skule, som me i si tid kjempa for å få byggja. Den har fleire elevar no enn nokonsinne og stort potensiale til endå fleire. Dessutan er den det viktigaste samlingspunktet i krinsen.

Den har også barnehagefunksjon, som gjer at borna er trygge og kjente med både medelevar og personale når dei startar i skulen.

Det vert også hevda at læringa heller ikkje er så god i mindre skulemiljø, noko som er ei sanning med modifikasjonar, sett i lys av mindre klassar og betre oversikt. Det er no blitt folk av oss og, som gjekk i Strøne-skulen når den var mykje mindre og to-delt!

La skulen i Strøno leva og bruk den som middel til å lokka fleire fastbuande til øyo. Strøno er altfor fin til å berre vera ferieparadis og badeland for «byfolk»!

Beste helsing
Laila M. Bruarøy

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.