Lærerike latterkrampar
Stemninga sto nesten i taket på Bohus sitt lager då Halvor Bakke heldt foredrag for 300 interiørinteresserte under «damenes aften».


Bildeserie:
Onsdag kveld var Bohus fylt med 300 damer, og nokre få menn som hjelpte til med arrangementet.
– «Damenes aften» har vore ein årleg suksess ved dei andre varehusa, dette er første gong vi har det i Os, seier varehussjef på Bohus Os, Jørg-Thomas Horn.
– Det gjekk litt tid før folk byrja å melda seg på, men brått, på nokre få dagar, var det fullt hus.
Foredrag, mat og kveldsopen butikk
Til saman 300 gjestar kom til raud løpar, sprudlevatn og foredrag i nyinnreidd «konferanserom» på lageret til Bohus.
Foredragshaldar var interiørdesigner Halvor Bakke, kjent frå blant anna Homsepatruljen og Norges Styggeste Rom på TV3.
Bakke har òg sine eigne kolleksjonar hos Bohus, men hadde mykje meir enn sine eigne møblar på tapetet då han i 50 minutt delte ut tips og morosame skråblikk på norske interiørvaner.
Hotell, hus og hytte
Halvor starta med reisetips, som òg handla om interiør, om det å velja små hotell som kan ha innreiing til inspirasjon, framfor store hotell der drivar kanskje ikkje har tatt seg råd til oppgradering på nokre tiår.
Han kom med skrekkeksempel som fekk salen til å gapskratta.
Så blei det bustad, rom for rom, og eksempel på god hytteinnreiing. Han viste sin eigen leiligheit og andre hus og hytter han har vore med på å innreia.
– Inspirerande og lærerikt
Ein av gjestane er sjølv ein erfaren rådgjevar, Anne «Anne på landet» Matre, som blant anna stylar bustadar for eigedomsmeklarar og leiger seg sjølv ut når privatpersonar eller firma vil innreia på ein meir smakfull eller praktisk måte.
– Eg er stor fan av Halvor, ikkje minst fordi han seier at du skal kjenna på kva du sjølv liker, ikkje berre følgja trender, seier Anne.
– Eg har aldri vore på foredrag med han før i dag, det var lærerikt og inspirerande. Noko anna eg er eining i er det å prioritera opp soverommet, som vi bruker så mykje tid i, men som gjerne er det siste som blir pussa opp.
– Gode tips hadde han òg, som å mala heile rom, inkludert karmar og lister, i same farge, men i ulik glansgrad. Det kan gje spennande effekt.
Etter fordraget var det servering av tapas og vin mens butikken var open til alle hadde sett og handla det dei ville ha.
Trend og tips
Av andre tema Halvor var innom var:
• Våg å mala alle veggane i same farge, våg å velja ein mørk fargetone. Rommet blir ikkje mindre, det er ein myte, og bilda du har på veggen kjem betre fram.
• Runde bord er hyggelege å sitja rundt. Får du gjestar finnest det runde bord som kan utvidast med fleire plater (men hugs; det er 364 dagar i året utanom julaftan).
• Ikkje del ut fargekoden til nokon! Du vil vel ikkje at alle venninnene dine skal ha det heilt likt som deg (noko dei har ein tendens til å prøva på).
• Følg din eigen smak, ikkje heng deg opp i trender, sa Halvor, men nemnte likevel kva som er trendy nett no, blant anna palmer og andre grøne planter.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.