Kultur | 29. mars 2017

Lærling på Lundehjørnet vann Bergensmesterskapet

Beatris friserte ein tidlegare kollega på Solstrand og gjekk heilt til topps i klassen «full fashion».

Lærling på Lundehjørnet vann Bergensmesterskapet
Beatris Krumova vann både pokal, diplom og 2000 kroner då ho tok 1. plass i Bergensmesterskapet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. mars 2017 10:01

Bildeserie:

Beatris er spesielt god på fade-klipp. (Privat foto)
Beatris er spesielt god på fade-klipp. (Privat foto)
Tidlegare kollega Matus stilte som modell. (Privat foto)
Tidlegare kollega Matus stilte som modell. (Privat foto)
Beatris og Matus på Lundehjørnet før avreise til Bergen. (Privat foto)
Beatris og Matus på Lundehjørnet før avreise til Bergen. (Privat foto)
1 av 3
Beatris er spesielt god på fade-klipp. (Privat foto)
Tidlegare kollega Matus stilte som modell. (Privat foto)
Beatris og Matus på Lundehjørnet før avreise til Bergen. (Privat foto)

Laurdag blei Bergens Mesterskapet 2017 arrangert av Bergen Frisørlaug på Scandic Bergen City.

Lundehjørnet Frisør og Velvære sin lærling, Beatris Krumova, tok 1. plass i kategorien «herrefrisyre - full fashion».

– Vi har hatt deltakarar fire av dei fem åra dette har vore arrangert, og tatt medalje kvar gong, seier Kari Rekkum.

– Men Beatris sitt resultat i helga er vår første 1. plass!

• Les òg: To på pallen i Bergen (Solveig i Ilana i 2015)

Lagde skin-fade på tidlegare kollega

Beatris er frå Bulgaria og bur i Os. Ho gjekk design og handverk på Årstad før ho fekk lærlingplass på Lundehjørnet.

– Eg har òg jobba på Solstrand, og fekk bruka ein tidlegare kollega, Matus Fehervari frå Slovakia, som modell.

Lærlingen frå Os er spesielt god på fading, altså overgangen frå kort til lengre hår, og gjekk heilt til topps i konkurranse med frisørar med svennebrev.

– Bergensmesterskapet handlar ofte om crazy fargebruk og mykje høg styling. Eg ville skilja meg ut på ein annan måte, seier Beatris om strategien før konkurransen.

Med «full fashion» blir det òg lagt vekt på antrekk, og Beatris stilte med ein Matus som var rocka frå topp til tå. Det likte juryen og Beatris fekk 88 av 90 moglege poeng.

Ein morosam perfeksjonist

Den nybakte bergensmeisteren er i lære til september. Kvar vegen går vidare, er førebels uvisst.

– Det var gøy både for salongen og meg med denne førsteplassen. Eg vann 2000 kroner og ein fin pokal, i tillegg er nok plasseringa grei å ha på CV-en, trur ho.

Kari seier Beatris er veldig kjekk å ha i salongen.

– Ho er litt vimsete samtidig som ho er veldig perfeksjonist. Ho er ei veldig gøy jente, det blir ekstra mykje latter når ho er på jobb, seier Rekkum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.