Lillian Agasøster, turleiar frå Os turlag, saman med Nils Georg Brekke. (Foto: Kari Marie Austevoll)

Lærte om lemstova

Lemstova frå Tveit skal snart reisa seg: Den internasjonale aktivitetsdagen sitt turfølgje svingte innom Lyngheim for ei koseleg og lærerik stund.

Av: Kari M. Lyssand

Torsdag 10. mai var Verdas aktivitetsdag, og i samband med det inviterte Os eldreråd, Os LHL, Os turlag og aktivitetskoordinator i Os, osingane ut på tur.

Ein av dei to turane dei hadde sett opp gjekk frå Lurane via Solstrand til Lyngheimparken der oppsetjinga av lemstova frå Tveit er gang.

25-årsjubileum

Turleiar for dagen var Lillian Agasøster frå Os turlag.

- Det var cirka 35 personar som deltok. Vi starta på Lurane og hadde eit stopp ved Solstrand, der LHL bilen henta nokre av deltakarane som ikkje klarte å gå heile etappen, seier ho.

Dette er første året dette arrangementet blir gjennomført, men Os turlag har halde det gåande i fleire år.

- I år har vi faktisk 25-årsjubileum, fortel Agasøster.

Store visjonar

- Då vi høyrde om turarrangementet så heiv vi oss på, fortel leiar av "Vener av Lyngheim" Torolf Juvik.

Dei stilte opp med gratis kaffi og kaker til turgåarane.

I september 2011 stifta dei "Vener av Lyngheim" for å reisa midlar til det historiske tunet Lyngheim, og for at dei som er interessert og involvert skulle få ei gruppe å samlast i.

- Vi ønskjer er at Lyngheim og lemstova skal bli ein sosial møteplass for alle, frå barnehagar til Lurane, fortel eldsjel Nils Georg Brekke, som har store draumar for plassen.

– At folk kan møtast her og få servert lefser og brød baka på steinheller og få eit innblikk i dei gamle mattradisjonane er også eit mål.

- Eg har ein draum om få til ein symfonikonsert i amfiet på opninga, seier Brekke entusiastisk. 

Han er opptatt av å ta vare på den gamle kunnskapen om handtverkarbygda Os, og å vidareføra den kunnskapen til den yngre generasjonen.

Drive på dugnad

Det har vore stor dugnadsinnsats for å få prosjektet på Lyngheim gjennomført.

-Vi reknar at vi har gjort dugnad for cirka éin million kroner i arbeidspengar når alt er gjort, så Os kommune har fått dette på eit sølvfat, seier Brekke, tydeleg stolt over innsatsen til dei frivillige.

Vidare fortel han om eit veldig godt samarbeid med Os kommune som lar dei disponere tomta og parkeringsplass.

Byggmeisteren skal starta med å setja saman stova 8. august, og når tunet står ferdig til neste år er det "Stiftinga Lyngheim" og "Vener av Lyngheim" som skal stå for drifta.

Les òg: – Årets julegåve til Os (meir om lemstova)

Fleire saker