Næringsliv | 27. sep. 2011

Låg pris, stor utsikt

ByggConcept planlegg tolv rimelege leilegheiter i Halhjemsmarka III. - Her kan du sjå til fem kommunar, seier Øyvind Tøsdal.

Låg pris, stor utsikt
Andris Hamretirsdag 27. sep. 2011 11:23

Som eit av dei første prosjekta i Halhjemsmarka III legg no ByggConcept AS ut 12 lågpris-leilegheiter for sal, med utsikt til fem omliggande kommuner.

- Hadde det vore høgare skydekke kunne du sett Fjell festning og Ulriken, peikar Øyvind Tøsdal då Midtsiden.no møter han på tomta tysdag.

Han ramsar opp dei fem kommunane du kan sjå frå tomta; Bergen, Fjell, Austevoll, Fusa og Os.

- Hadde fjellet der vore litt lavare hadde du sett til Sund òg, smilar Tøsdal.

Rimeleg fastpris

Saman med Liv Osland, som er den som vil ta seg av visningane og det praktiske rundt salet av husværa, legg han no ut dei 12 einingane til fastpris.

- Kvar leiligheit kostar 1.995.000 kroner, noko som er rimeleg.

- Eg er imponert over at dei har klart å kome så lågt i pris, fortel Liv Osland i Osland Prosjektutvikling.

Osland har vore i kontakt med kommunen som fortel at dei kan gje startlån til kjøparane om dei er førstegangsetablerarar eller på anna måte kvalifiserar for det.

- Det, saman med husbanklån eller lån i anna bank gjer at prosjektet vil vera realiserbart også for dei som ikkje har så mykje eigenkapital, trur Osland.

Garasje i kjellaren

Dei 12 leileghetene er på 85 kvaderatmeter kvar og har 3 parkeringsplassar i eige garasjeanlegg.

- Vi graver oss inn på tomta frå vegen og støyper opp eiget garasjeanlegg i kjellaren med 3 plassar til kvar eining.

- Tomta kjem vi så til å planera i flukt med garasjetaket slik at du ikkje ser anna enn innkøyringa til garasjen frå utsida, forklarar Tøsdal.

Det er ein litt dyrare løysing innrømmer Tøsdal, men fordelen med å få «gøymt» vekk bilane veg opp den auka kostnaden.

- I tillegg får vi teken vare på mykje meir av vegetasjonen på tomta. Mellom anna dei fem furuane som står der, fortel Tøsdal og peiker.

Først til mølla

Salet av leilegheitene startar til helga.

- Vi kjem ikkje til å ha loddtrekning om kven som får kva leilegheit.

- Det blir den som skriv kontrakt først som får velgja først, seier Osland.

Ho trur ikkje den måten å gjera det på vil hemma interessa for husværa.

- Det er sol heile dagen her ute, og slik bygget kjem vil alle få omlag like mykje av den, så eg trur ikkje det vil spele noko rolle.

Ser ny trend

Allereie har Osland merka interesse for prosjektet.

- Vi har hatt nokre som har tatt kontakt etter at familie eller venar har mottatt nabovarsel på prosjektet.

- Eg har merkt ei ny trend i marknaden, kor besteforeldre gjerne vil kjøpa leilegheit i nabolaget til ungar og barnebarn for å kunne hjelpa til i ein travel kvardag, fortel Osland.

Prosjektet vil bli starta opp når fire av dei tolv leilegheitene er selde.

- Om det går som eg håpar vil kjøparane kunne flytte inn neste haust, avsluttar Liv Osland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.