Flashmob med Søre Neset Ungdomslag

Laga liv på Øyro

Video: Dansarane frå Søre Neset Ungdomslag overraska og lagde liv på øyro med flashmob.

Av: Andris Hamre

Klokka 12 laurdag formiddag hadde Torgfest på Øyro annonsert familiekonsert med Eirik Søfteland, Jens Erik Aasmundseth og Olav Skorpen, men dei blei kuppa.

– Vi hadde sesongavslutning i Oseana for omlag ein månad sidan. Siden det var så fint vêr og lenge til vi skulle dansa att, så ville vi finna på noko, seier instruktør og primus motor, Daniel Fagerlid Andreasson.

Frå 3 til 16 år

I dansegruppa til Søre Neset Ungdomslag er dei til vanleg omlag 100 dansarar.

– I dag blei vi omlag 30 dansarar i alderen tre til seksten år. Det at vi blei såpass mange er eg nøgd med, smiler Andreasson om flashmoben dei berre hadde planlagt i 14 dagar.