Lokal | 24. feb. 2018

Lagar ny parkering

Kommunen i gang med parkeringsplass ved Kuventræ gravplass.

Lagar ny parkering
Visavis Kuventræ gravplass er kommunen no i gang med å utbetra parkeringsplassen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 24. feb. 2018 06:37

I mange år har det vore etterlyst meir parkering ved Kuventræ gravplass. No er arbeidet i gang.

– Når vi først er inne i avdelinga for skryt. Det har vore etterlyst parkeringsplass ved Kuventræ gravplass. No ser eg den er i gang, så då får Henryen oppfylt ønskje sitt, kommentert Gustav Bahus (Frp) under politisk kvarter i Plan- og bygningsutvalet torsdag.

Venta på stein

Kommunalsjef Aina Tjosås kunne stadfesta at kommunen var i gang med arbeidet.

– Grunnen til at det har tatt tid er at vi har venta på rett stein. Det dei skal gjera er å bygga ein mur mot naboane, slik at plassen blir flat og fin.

– Vil den no også bli asfaltert, undra Terje Sperrevik (TvS).

– Ja, etter at den er avretta og slik vi ønskjer den så vil den sjølvsagt bli asfaltert, stadfesta Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.