Lokal | 20. aug. 2020

Lågaste folkevekst sidan 2001

Berre eitt kvartal har hatt svakare vekst dei siste 20 åra.

Lågaste folkevekst sidan 2001
Kvartalsvis folketalsendring for Bjørnafjorden kommune dei siste ti åra. (Ill.: SSB.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. aug. 2020 07:14

I dag kom SSB.no med innbyggartal for utgangen av 2. kvartal, altså slutten av juni.

Folketalet i Bjørnafjorden kommune (og Fusa og Os saman i statistikken frå før 1. januar 2020) har stort sett auka med over 50 innbyggarar i kvartalet sidan nedgangen i midten av 2017.

Førre kvartal, frå april til juni i år, auka folketalet med berre 10 innbyggarar.

Vi hadde fødselsoverskot og vi hadde fleire innvandringar enn utvandringar. Men det var 14 fleire som flytta (innandlandsk) ut enn inn.

Bjørnafjorden kommune, K2 2020
Befolkning ved inngangen av kvartalet 24.965
Fødde 56
Døde 38
Fødselsoverskot 18
Innvandring 21
Utvandring 15
Innflytting, innanlandsk 227
Utflytting, innanlandsk 241
Nettoinnflytting, inn- og utland -8
Befolkning ved utgangen av kvartalet 24.975
Folkevekst 10

Dei fem siste kvartala har folketalet i Bjørnafjorden kommune (og tidlegare Fusa og Os til saman) auka med mellom 50 og 70 innbyggarar.

Sist veksta var lågare enn 10 var i tredje kvartal 2014, med nedgang på 12 innbyggarar. Kvartalet før auka vi med 206.

Her er nokre andre periodar med låg vekst:
2018 K4: 14
2004 K2: 19
2001 K2: -2

Folkeveksten har vore låg i fleire kvartal på rad. (Sjå liste nedst i artikkelen)

Sist vi hadde vekst på over 100 per kvartal var andre kvartal 2017, med vekst på 190 innbyggarar. I 2007 og 2008, og frå 2010 til midten av 2017, var det berre unntaksvis at veksten var under hundre.

Riksdekkande rekord

Noreg hadde ein folkeauke på 2.500 i 2. kvartal. Det er den lågaste kvartalsvise folkeauken SSB har registrert sidan statistikken vart oppretta i 1997, skriv SSB i dag.

Det har ikkje vore dei store endringane i mengda fødde eller døde. Pr. 1 000 innbyggjarar er talet på døde 0,01-0,03 lågare enn i andre kvartal 2016-2019.

Talet på fødde, kor det enno vil gå nokre månader før eventuelle korona-effektar kjem til syne, held elles fram med å søkka samanlikna med 2. kvartal dei siste åra.

Det har, trass koronaperioden, heller ikkje vore store endringar i flytting mellom kommunar. Totalt vart det registrert 53.700 slike, medan det i andrekvartala frå 2015 til 2019 varierte frå 56.300 til 58.200. Tar vi med i berekninga at Noreg har færre og større kommunar i 2020 enn i åra før, og at flyttetala i kvartalsstatistikken berre inkluderer flyttingar mellom kommunar, så ser det ikkje ut til å ha vore færre innanlandske flyttingar enn det ville vore under meir normale omstende.

Mengda innvandrarar til no i år. (Ill.: SSB)
Mengda innvandrarar til no i år. (Ill.: SSB)

I eit kvartal prega av tiltaka mot korona-pandemien vart det registrert 5.200 innvandringar til Noreg, viser nye tal frå befolkningsstatistikken. Til samanlikning vart det registrert i gjennomsnitt 12.600 innvandringar i kvart av dei fire føregåande kvartala.

Medan innvandringar vert melde inn meir eller mindre fortløpande, vert mange utvandringar aldri melde inn av utvandrarane sjølv. Personar som ein har grunn til å tru er utvandra, men som ikkje har meldt ifrå sjølv, vert med tida utvandra av folkeregisteret. I 2. kvartal vart det fatta fleire slike vedtak enn normalt, og dermed skil ikkje utvandringstala seg like mykje frå normalen som innvandringstala gjer, sjølv om den faktiske utvandringsaktiviteten sokk monaleg.

Under følgjer ei liste over kvartalsvise befolkningsendringar for Bjørnarjorden kommune (Fusa og Os) frå 2000 til 2020:

2000K1 24
2000K2 19
2000K3 73
2000K4 16
2001K1 -12
2001K2 -2
2001K3 90
2001K4 45
2002K1 31
2002K2 69
2002K3 110
2002K4 54
2003K1 75
2003K2 114
2003K3 40
2003K4 45
2004K1 49
2004K2 19
2004K3 95
2004K4 117
2005K1 68
2005K2 79
2005K3 155
2005K4 72
2006K1 91
2006K2 94
2006K3 83
2006K4 85
2007K1 119
2007K2 74
2007K3 135
2007K4 142
2008K1 105
2008K2 118
2008K3 114
2008K4 77
2009K1 60
2009K2 42
2009K3 82
2009K4 95
2010K1 76
2010K2 184
2010K3 172
2010K4 122
2011K1 82
2011K2 158
2011K3 92
2011K4 144
2012K1 46
2012K2 117
2012K3 129
2012K4 131
2013K1 140
2013K2 177
2013K3 89
2013K4 141
2014K1 121
2014K2 206
2014K3 -12
2014K4 113
2015K1 136
2015K2 230
2015K3 105
2015K4 212
2016K1 105
2016K2 143
2016K3 65
2016K4 116
2017K1 153
2017K2 190
2017K3 51
2017K4 52
2018K1 33
2018K2 38
2018K3 87
2018K4 14
2019K1 50
2019K2 64
2019K3 70
2019K4 59
2020K1 57
2020K2 10

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.