Kultur | 31. mars 2011

Lager bok om kafeen

I fjor sommar samla Sølvi Bugge 130 osingar til mimrefest for Kafé Club Intim. No vil ho laga bok om den populære samlingsplassen på 60-talet.

Lager bok om kafeen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. mars 2011 10:50

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 8
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

- Mimrefesten var heilt overveldande. Vi trudde først at vi skulle samla 30-40 til ein liten fest i Osevlarnaustet, i staden blei det heilt fullt i Fjellheim, seier Sølvi Bugge.

Det var i fjor at ho i samtalar med fleire, blant anna John Fagerthun, diskuterte å arrangera ei lita samling av osingar med gode minne frå Kafé Club Intim, ein kafé familien hennar dreiv i Os sentrum frå 1961 til cirka 1970.

- Kafeen var spesiell, det var også familien som dreiv den. Den var mykje brukt som samlingsplass for ungdomar, hybelbuarar og hyttefolk, og betydde tydelegvis mykje for mange, fortel Sølvi, som budde i etasjane over kafeen saman med familien.

Kunst og pommes frites

Mamma Bjørg var mykje på reise dei første åra, då ho tok utdanning i Danmark og jobba på cruisebåt i Middelhavet. Besteforeldra Ingeborg og Sigurd fungerte som mor og far, og var alltid rundt ungane og hadde god tid.

Så kom Bjørg heim, med idé om ein kafé, og noko av det ho hadde med frå kontinentet var pommes frites, ei ny matvare for dei fleste osingar og vestlendingar.

- Enkelte dagar var det kø langt inn på Os for å få pommes frites i ulike variantar. Menyen i kafeen var ikkje så avansert, anten du ville ha kotelelettar eller speilegg følgte det pommes frites med, eller chips som vi kalla det, minnast Sølvi.

Klining i krokane

Kafeen var ikkje som andre kafear. Det var få stolar som var like, overveldande med dekor og kunst på veggar og tak og mange spennande krokar.

- Nokre kjærastepar prøvde å gøyma seg litt vekk for å sitja å kyssa, men då fekk dei beskjed om å oppføra seg. Andre kom innom kafeen for å gøyma seg for ein sint far etter å ha gjort rampestrekar. Då fekk dei beskyttelse av Bjørg. Ho var omsorgsfull, men streng.

Samstundes sat Sigurd og malte og teikna. Dei som var innom kafeen kunne festast til lerretet eller arket med nokre få strekar. Fleire fekk teikningar med seg heim.

Etterlyser minne

Etter den vellukka mimrefesten var det fleire som både ville ha fleire festar og ei samling av bilde frå både kafeen og festen.

- Eg lurte først på å laga ei bildebok, men det har dukka opp så mange historiar knytt til kafeen at eg no har bestemt meg for å samla desse i ei bok. Lars Skorpen har takka ja til å hjelpa meg.

No håper ho at andre med minne eller bilde frå kafeen vil ta kontakt snarast, dei neste vekene vil ho samla saman det som skal vera med i boka, som skal handla om tida før, under og etter Intim, pluss festen i 2010.

- Det blir nok også nokre mimrekveldar. At to damer frå Strøno no opnar kafé på same plass er veldig kjekt, dette kan nok bli ein fin samlingsplass både for oss som hugsar Intim-tida og for andre, trur Sølvi Bugge.

Har du noko som kan passa inn i boka, ein liten historie eller eit godt bilde? Sølvi når du på 932 57 779.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.