Kultur | 28. sep. 2017

Lager dansegalla på Nore Neset

Asbjørn Bergstø og Rolf Tveit legg opp til to oktoberkveldar der vaksne kan få svinga seg.

Lager dansegalla på Nore Neset
Asbjørn Bergstø køyrde rett til kompanjongen og billettseljaren Rolf Tveit etter å ha henta plakatane til dansegallaen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. sep. 2017 21:14

Bildeserie:

1 av 2

– Folk spør stadig om ikkje vi kan laga til noko. Mange vaksne saknar ein stad å dansa, det gjeld både i Os og Bergen, seier Asbjørn «A.B.» Bergstø.

Han speler ikkje i band sjølv, men har vore med og hjelpt til på fleire større konsertar i Os, og på fleire dansegallaer i Puerto Rico med over tusen deltakarar.

– Eg snakkar kanskje fort, men eg er ikkje noko særleg til å synga, seier AB, som også har fartstid som DJ i private lag som bryllaup og blåturar.

Med seg har han fått tidlegare konsert- og dansegalla-arrangør, verkstad- og bensinstasjonseigar Rolf Tveit.

Kivi og Scala

Tveit har tidlegare arrangert ein svært folksam konsert med Vassendgutane og fleire dansegallaer i Fjellheim, på Nore Neset og i Nordhordlanshallen.

– Den best besøkte eg hadde på Nore Neset var den første, med Big Bull Band. «Save the last dance», som eg hadde med Rune Nilsen og Rune Larsen i Nordhordland, blei endå betre, fortel Rolf.

Til Nore Neset Aktivitetshus har dei fått Kivi frå Fusa/Os og Festbandet Scala frå Fana, med tidlegare Os-trenar Øyvind Steffensen som frontfigur.

– Eg trur det blir flott for folk å få dansa etter Kivi sin musikk. Kivi er endeleg tilbake, 30 år etter at dei cruisa på Norsktoppen i vekesvis, eg trur mange er klare for å få svinga seg skikkeleg etter desse osingane sin musikk.

Kivi: Gunnar Engevik, Øystein Engevik og Reidar Bakke.

Festbandet: Øyvind Steffensen (vokalist), Per Christen Vatle (gitar), Torstein Pihl (bass), Svein Henry Hagen (trommer), Arne Oppedal (keyboard). Dei speler coverlåtar frå blant anna Creedence og Rolling Stones, Vassendgutane og U2.

Tar sjansen på to kveldar

Asbjørn og Rolf har booka Nore Neset Aktivitetshus fredag og laurdag 13. og 14. oktober.

– Vi disponerer heile huset, men tar i første omgang sikte på å fylla Symrasalen. Tar billettsalet heilt av så kan vi legga golv i hallen og rigga scene i storstova.

– Ein del utgifter blir det uansett, men vi tar sjansen. Går det bra så kan det bli to dansegallaer i året i tida som kjem.

Dansen blir over to kveldar, fredag med AB som DJ, laurdag med Kivi og Festbandet på scenen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.