Sport | 21. nov. 2019

Lager dødsefest i Bergen med 15.000 i premie

Berre 32 av over 80 fekk melda seg på. Blant desse er 3 osingar.

Lager dødsefest i Bergen med 15.000 i premie
Andreas i lufta under førre Bergen Døds by Bula (t.v.) og Andreas saman med Arne på Tysnes. (Foto: Andreas Roksvaag og Kjetil Vasby Bruarøy)  
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. nov. 2019 14:30

I juli var «dødseveteran» Arne Veim Haugland blant deltakarane, men òg med på å koordinera, første versjon av Døds Challange Tysnes.

• Sjå video og bildeserie frå Død Challange Tysnes

Laurdag kveld er han arrangør og dommar i «Bergen Døds by Bula» i AdO Arena, som blei arrangert for første gong for eit år sidan (sjå video nedst i artikkelen).

– Men det blir fleire osingar å sjå i stupetårnet, fortel Arne.

Arrangementet startar ein god time etter at Lysfesten i Bergen er ferdig, men det er verken lagt opp til høge kostnadar eller stor profitt.

– Det er gratis for barn under 16 år og billig for vaksne, vi gjer berre dette for å dødsa og underhalda. Og det er rikeleg med plass på tribunen, så det skal gå fint å droppa innom etter Lysfesten utan å ha kjøpt billett på førehand.

– Men hugs at det er 30 gradar her inne, at du har tskjorte under ullgenseren. Vi kan ikkje ha ein haug med damer i BH-en på tribunen, det kan gå ut over konsentrasjonen og tryggleiken til dødsarane, seier Arne og ler.

3 av 32 frå Os

Av 32 plassar gjekk 16 av dei til inviterte dødsarar. Ein av dei var Lasse Styrvoll, som imponerte i debuten under Tysnesfest.

På to timar var alle 32 plassane tatt. Det er over 80 som har meldt interesse for å delta, men det var desse vi fekk plass til denne gong.

Osingane som deltar er erfarne Andreas Olsen, talentfulle Lasse Styrvoll og den raske foballspelaren Øystein Takle Eide.

• Sjå òg: Dødsgøy slengdisse (videoreportasje)

Ny, publikumsvenleg vri

Arne lover høg underhaldningsfaktor i AdO laurdag kveld.

– Vi kjem til å gjennomføra konkurransen på ein heilt ny måte, utan at eg vil avsløra detaljane no.

– Men det blir meir underhaldande, lettare å forstå korleis dommarane vurderer dødsa, og meirintenst for både deltakarar og publikum.

Kreativitet veg høgt.

– Du må kunna meir enn to typar døds for å nå langt på laurdag.

Bula, Ado, Bergen Stupeklubb og Rush er samarbeidspartnarar og sponsorar. Vinnaren får ein pengepremie på 15.000 kroner.

Video frå førre versjon av Bergen Døds by Bula:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.