midtsiden

Lager fest i teltet

ORBO & The Longshots skal saman med Vegard Skorpen Band spela vårsleppkonsert i telt på Telthusplassen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag 8. mai er det igjen tid for Vårslepp i Os sentrum. Tivoli kjem til Os torsdag og lagar liv på grusbanen ved Os ungdomsskule til og med sundag.

Sjølve Vårsleppet er laurdag, med blant anna triksekonkurranse for ungar og ungdom, ponniriding, noregscup i vassjet, hoppeslott og Tour of Norway for kids på programmet.

Om kvelden er de som tidlegare år utandørskonsert i sentrum. Sjølv om vêrmeldingane er gode, skyfri himmel og 11 gradar, blir konserten halde i telt.

Tilbake på Telthusplassen

Den nye Telthusplassen sto ferdig i juni 2009, og det musikalske innslaget under offisiell opning var det ORBO & The Longshots som sto for. Laurdag kjem ORBO tilbake, denne gong for å spela ein full konsert.

Den siste tida har bandet spelt konsert på Svalbard og konsert i Bergen i høve innspeling av LIVE-album.

- Då kom 30-40 osingar nedover i buss om fredagen. Laurdag var det endå meir folk, men steminga med osingane fredag var uslåeleg. Vi ser verkeleg fram til å spela på Telthusplassen, seier Ole, som følgjer De Lillos, Hellbillies og CC Cowboys når det gjeld det å vera årets Vårslepp-band.

Skorpen med variert repertoar

Vegard Skorpen har drive lenge med musikk, både i soloprosjektet Solenby, det kortvarige dansebandprosjektet Karusell og som låtskrivar og musikkproduksjon for Frode Vidars.

- Vegard Skorpen Band blei oppretta i 2008, då eg og nokre kameratar skulle spela i eit bryllaup. Seinare har det blitt spelejobbar i mange bryllaup og bursdagar, og speling på enkelte opne arrangement, som Nor å ne-revyen i mars, fortel Vegard.

Bandet består av, forutan Vegard på vokal og akustisk gitar, Anders Westrhin på gitar, Håvard Moberg på bass og kor og Bjørn Magne «Bønni» Moberg på trommer.

- Vi speler eit variert utval av coverlåtar i pop- og rocksjangeren, frå 50-talet og fram til i dag, seier Vegard, og ramsar opp The Beatles, Creedence Clearwater Revival og Travis som eksempel på band dei lånar musikk av.

Plass til 600

Tysdag skal billettane til konserten ha blitt lagt ut for sal.

- Vi riggar opp eit passeleg stort telt på Telthusplassen så det blir både scene, dansegolv og sitjeplassar under tak. I tillegg får gjestane eit idyllisk uteareal å lufta seg på i det som blir konsertområde denne kvelden, seier leiar for Os Sentrumsforening, Renate Iversen Sundberg.

Ho fortel vidare at plassen ikkje har rom for like mange gjestar som dei nesten 1500 som var på Vårslepp-konsert i 2008.

- 600 billettar blir lagt ut for sal, sa Renate til Midtsiden.no tysdag.

Fleire saker