Kultur | 05. des. 2017

Lager julegate og utekino

I dette nabolaget tar dei julestemninga eit steg lengre enn dei fleste.

Lager julegate og utekino
F.v.: Kent-Eivind Storum, Torodd Bolstad og Atle Hornes gjekk på handletur i lag. No er heile nabolaget lyst opp, og laurdag blir det utekino for inntil 100 ungar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. des. 2017 09:16

Bildeserie:

Bustadane og gata er dekorert med rikeleg med lys. (Foto: KVB)
Bustadane og gata er dekorert med rikeleg med lys. (Foto: KVB)
Her skal det byggast stillas for kinolerret. (Foto: KVB)
Her skal det byggast stillas for kinolerret. (Foto: KVB)
Kent-Eivind er ein av fleire i gata som har vore raus med dekorasjonen. (Foto: KVB)
Kent-Eivind er ein av fleire i gata som har vore raus med dekorasjonen. (Foto: KVB)
1 av 3
Bustadane og gata er dekorert med rikeleg med lys. (Foto: KVB)
Her skal det byggast stillas for kinolerret. (Foto: KVB)
Kent-Eivind er ein av fleire i gata som har vore raus med dekorasjonen. (Foto: KVB)

– Ein av oss hadde byrja å henga opp litt julelys då vi på kvelden sat og tok eit par glas saman, fortel Kent-Eivind Storum.

– Så berre bestemte vi oss for å gjera det skikkeleg, skyt nabo Torodd Bolstad inn.

Dagen etter var Kent-Eivind, Torodd og Atle Hornes å handletur.

– Det blei meir enn éi korg, for å seia det sånn, fortel Atle og ler.

Den samla summen for å dekorera tre einebustadar og delar av gata vil dei ikkje ut med, men det blei 3-4 dagar med lift for å trekkja lysband over gata. I tillegg har fleire av naboane kasta seg på med raus bruk av lys på hus, garasje og gjerder.

Lager ein julekveld for alle

– «Julabygdo» er jo kallenamnet på eit anna nabolag lengre nord på Søre Neset (Lekven), er det dette namnet de no vil kuppa?

– Ja, dette namnet kan vi fint arva, eller namnet på NRK-serien Jul i Svingen. No blir det «Jul rundt svingen», seier Torodd om gata frå Halhjemsmarka 256 vis a vis 274 og innover.

Målet til dei tre naboane er ikkje berre å lysa opp nabolaget, men å bruka den dekorerte gata til å laga julestemning for heile Halhjemsmarka, og tilreisande frå andre krinsar i Os, om dei ønskjer.

– Førstkomande laurdag skal vi rigga lerret utandørs og setja opp stolar og telt. Vi har kjøpt inn ein haug med faklar som skal brenna langs heile gata, og vi vil servera kakao og hotdog. Det er mogleg det blir sal av enkelte varer, i så fall er det til inntekt for barneavdelinga på Haukeland, fortel Kent-Eivind.

Han jobbar i Storum Stillas og ser for seg å henga eit 5 x 6 meter stor lerret på eit stillas. 100 stolar skal leigast.

– No skal vi henga opp plakatar der vi inviterer alle ungar til felles julestemning og utekino laurdag kveld (kl 18).

– Det ligg heldigvis an til å bli fint vintervêr til helga, etter ei veke med mykje regn og vind, så vi håper på godt oppmøte og super stemning! Det blir travelt å laga dette i stand, men blir det ein suksess så kan de bli ein tradisjon, og kanskje noko andre i Os kan gjera i sine nabolag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.