Kultur | 03. feb. 2012

Lager lokal litteraturdag

Som første oppvarming til litteraturfestivalen i Os, og til den offisielle nasjonale bokdagen, arrangerer WT-gjengen marsj og lokal litteraturdag onsdag 8. februar.

Lager lokal litteraturdag
Frode Sirevåg inviterer til litteraturmarsj frå rådhuset til biblioteket. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. feb. 2012 15:08

WT Litteraturfestival går av stabelen 8. til 10. november, men arrangørane har varsla fleire små og større arrangement i forkant.

– Første steg blir å laga ein liten lokal litteraturdag. Den nasjonale bokdagen er 23. april, vi lager lokal litteraturdag onsdag 8. februar, seier festivaldirektør Frode Sirevåg.

Marsj og appell - servering og premiar

Den lokale litteraturdagen er sjølvsagt open for alle, men for å prøva å få dei unge med er det sendt invitasjon til barnehagar og skular.

– Kva skal skje på litteraturdagen i Os?

– Vi startar med marsj frå rådhuset til biblioteket på formiddagen. Framme på biblioteket blir det appell, underhaldning, litt informasjon om siste nytt frå biblioteket og om den komande festivalen.

– Og så blir det servering og saft og bollar, utdeling av premiar i på "startnummer" og ein tur innom biblioteket, seier Sirevåg.

Med eigen litteraturblome

Programmet startar med oppmøte utanfor rådhuset før klokka 10. Der får alle kvar sin blome.

Kva type? "Litteraturblomen", sjølvsagt.

– Det er det vi har døypt den, tulipanen, ler Frode.

Klokka 10 går toget den korte turen opp til Os folkebibliotek, der festivalfakkelen blir tent og kommunalsjef Karl Ole Midtbø bles fanfare før programmet held fram med underhaldning, informasjon og servering.

Arrangementet er utandørs, men biblioteket er ope.

– Blir det gratis kaffi òg?

– Ordinær pris på kaffi i biblioteket er éi krone, men den krona trur eg nok folk slepp unna denne store dagen, smiler Frode Sirevåg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.