Lokal | 21. feb. 2015

Lager ny ungdomsklubb

Inviterer til namnekonkurranse: Ei brei gruppe ungdom og vaksne legg planar for ein ny ungdomsklubb i Os.

Lager ny ungdomsklubb
Denne gjengen jobbar med å laga ein heilt ny ungdomsklubb i Os. Her på prosjektmøte på Os lensmannskontor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. feb. 2015 08:10

På bildet, bak frå venstre: Anne Lyssand, Lasse Færøvik, Sigrid Tvedt, Øyvind Hægland og Hans Christian Eide. Framme frå venstre: Anna Størksen Parnefält (Akademiet), Sigve Søfteland (Os vgs), Christoffer Søfteland (Os vgs), Amanda Isabell Helgesen (Os ungdomsskule) og Thomas André Dahl (Danielsen). I komiteen, men ikkje på bildet: Kenneth Leirvåg, Ingrid Beathe Mjelde Runhovde og Amalie Erika Lyssand Gram-Knudsen.

Laurdag 18. april er målet – då skal det vera opning av den nye ungdomsklubben i Os, ein klubb for alle ungdomar frå og med 13 til og med 17 år.

Klubben skal vera open kvar laurdag frå klokka 19 til 23, det skal også ordnast med heimtransport for dei som bur i krinsane utanfor sentrum.

Staden er den doble gymsalen til Os barneskule, tilbodet skal famna frå ballspel og brettspel til bordtennis, playstation, musikk og «chilling» saman med venar. Og nokre overraskingar og «gjeste-aktivitetar».

Kom med namn - vinn 500 kroner

Fleire statuttar er på plass, klubben skal blant anna vera uavhengig av både religion og politikk, oppramsa i tre ord skal den vera rusfri, aktiviserande og inkluderande.

Men klubben manglar namn. Har du eit forslag eller fem?

Namnet kan gjerne visa til vekedagen laurdag, til aktivitet eller avslapping, til det at den skal passa for alle, eller til det at det skal vera ein allsidig og kjekk plass å vera.

Send forslag til kjetil@midtsiden.no innan midnatt søndag 1. mars.

Forslaga blir sendt prosjektgruppa og den som kom med namnet som blir valt vinn eit gåvekort på 500 kroner på AMFI Os.

– Ungdomen skal bestemma

Det starta med at eldsjel Øyvind Hægland tilfledigvis møtte politibetjent Anne Lyssand på butikken. Dei to kjenner kvarandre frå oppveksten og har begge erfaring frå arbeid med ungdom, Øyvind viablant anna Os kyrkjelyd, Anne innan forebygging både i Oslo og i heimbygda, der ho no har ansvar for forebyggande arbeid i Os.

– Vi fekk raskt andre med oss, både vaksne og ungdom, fortel Øyvind entusiastisk.

Sigrid Tvedt, som har lang fartstid i både den tidlegare kommunale ungdomsklubben og i den frivilligbaserte klubben som mista lokalet sitt på Os ungdomsskule for tre år sidan, er med i gruppa. Det er blant anna også Hans Christian Eide, Kenneth Leirvåg og prest Einar «Ekis» Ekerhovd.

I løpet av seinhausten tok prosjektgruppa form. Ein av dei Øyvind kontakta var reklamemann Lasse Færøvik.

– Lasse har drive med kommunikasjon heile livet og kan vera ein fantastisk mann å ha med seg i mange samanhengar. Det er utruleg kjekt at han ville bli med å slå eit slag for ungdomen, synest Hægland.

Det første Lasse foreslo var å få ungdom med i prosjektgruppa så snart som mogleg.

– Er det noko som er sikkert så er det at ungdom liker betre å finna på idear sjølv enn å lytta til vaksne, humrar Lasse.

Sjekka stemninga på skulane

Via ulike kontaktar kom ein driftig ungdomsgjeng med i gruppa, som i vinter har hatt fleire møter. Og i alle gode prosjektgrupper så blir det gjennomført eit stykke arbeid også mellom møtene.

Dei tre venninnene Amanda, Ingrid og Amalie frå 10. trinnet ved Os ungdomsskule lagde skjema som dei delte ut både på eigen skule og til ungdomen på Nore Neset. Der fekk elevane fortelja kva tilbod dei ønskte om det skulle koma ein ny ungdomsklubb.

– For det første var det bra interesse for ein klubb i Os sentrum, for det andre fekk vi inn mange gode forslag, fortel Amanda.

Elevane ønskte blant anna fotball, basket, filmkveld, brettspel, handball, trampett, Singstar, FIFA-turnering og sumobryting (!).

Også elevane ved Os vgs, som skal jobba litt med lyd og lys til klubben, fortel at også ungdomar på 16-17 år har vist interesse for ein slik klubb.

– Kan skaffa sumobryting

Enelte humra då sumobryting blei lest opp, men det finst drakter du kan ta på deg som gjer deg til ein robist sumobrytar.

– Henning på Lilleballong har slike, fortel Sigrid, og har i etterkant stadfesta at desse kan få lånast av ungdomsklubben.

Mens Midtsiden sat i intervju med prosjektgruppa dukka det opp fleire idear. Kan idrettslag og andre organisasjonar koma og bidra med aktivitetar, som gjestar ein laurdag i blant, som skyting, skateboard, fotokurs, sjakk eller bridge?

– Det ligg til rette for at dette kan bli ein sunn, god og kjekk klubb, meiner Anne Lyssand, spent på innspurten mellom vinterferien og påskeferien, og opninga andre helga etter påske.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.