Kultur | 09. jan. 2013

Lager video på Askviknes

Dei fann ikkje lokale i by'n, men heimbygda til Torkjell Rød i Audrey Horne kunne hjelpa. – No treng vi 30 statistar til innspelinga laurdag, seier Toschie.

Lager video på Askviknes
Torkjell «Toschie» Rød og Audrey Horne speler inn musikkvideo på Askviknes laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. jan. 2013 15:43

Torkjell «Toschie» Rød og Audrey Horne kjem 25. januar med sitt fjerde album, «Young Blood».

– Det er meir rocka plate enn kva vi har gjeve ut før. Opp-tempo og gøy, synes eg, seier Torkjell, og refererer til Iron Maiden, Thin Lizzy og tidlege album av Kiss når han forklarer musikkstilen på den komande plata.

Tittelsporet har allereie kome ut, og til låta «Redemption Blues» skal det lagast musikkvideo. I ein fei.

– Vi fekk det ikkje til i Bergen, men kultureininga i den gamle heimbygda mi, med Kjetil Osablod Grønvigh i spissen, har jo snudd Os på hovudet på null komma niks, seier Toschie og ler.

«Kvifor ikkje?»

I helga fekk kultursjef Lisbeth Axelsen ein telefon frå kollega Grønvigh.

– Han hadde sett at Audrey Horne trengte eit husvære å spela inn videoen i, men at dei i Bergen som ville hjelpa ikkje såg føre seg at dei hadde naboar som var tålmodige nok til at dei ville høyra rock eit halvt døgn i strekk, seier Axelsen.

Etter ein runde med høgt-tenking dukka Askviknes, som kommunen overtok i haust, opp som aktuell lokalisasjon.

– Det er kjekt å kunna senda sms til ordføraren ein tilfeldig søndag, og få "kvifor ikkje?" som svar på spørsmål om å låna eit lokale, seier Lisbeth og ler.

Med solbriller

«Redemption Blues» er ei låt som handlar om det å vera glad i ein god fest, men at festen må ta slutt. Du kan ikkje festa heile livet.

Handlinga i videoen er litt original, og litt inspirert av rockemusikken Rød refererer til når han snakkar om det komande albumet.

– Vi skal ha eitt husvære som er rigga til fest, med ein haug feststemte ungdomar, og eitt med eldre som sit og strikkar og drikk kaffi.

– I videoen har vi ein eldre kar med solbriller som er på ungdomsfest. Men når han tar solbrillene av er han saman med andre eldre i rolege omgjevnadar.

– Det blir som om han har eit tilbakeblikk på ei livleg fortid, røper Torkjell.

Treng 30 statistar - til laurdag!

Kultureininga i Os kommune har ikkje berre stilt opp med husvære. Lisbeth og Kjetil har leita fram møblar frå Allaktivitetshuset, Fjellheim og Os Rockeklubb til å innreia dei to husværa på Askviknes.

– Vi i Os Rockeklubb låner også vekk utstyr til innspelinga, og Søfteland Rock N LOL-gjengen er kopla inn og vil hjelpa til med fleire ting, truleg også statistar.

Audrey Horne vil spela inn videoen allereie førstkomande laurdag. Eldre statistar er på plass, men bandet treng rundt 30 statistar i alderen 20 til 30 år.

– Vi treng alle typar folk, frå rocka stil til soss, og gjerne nokre røffe typar, så kanskje vi kan konstruera ein slåstkamp i bakgrunnen, seier Torkjell.

Det er laga ei facebook-gruppe for støtteapparatet. Om vil vil bidra kan du melda di interesse der.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.