Næringsliv | 09. jan. 2013

Lagt i grus før 10-årsdagen

Steinsenteret sitt førre lokale blir no jamna med jorda.

Lagt i grus før 10-årsdagen
Steinsenteret sitt førre lokale blir no rive ned. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. jan. 2013 14:04

Steinsenteret er flytta til nytt lokale i Kolskogen og bygget på Gudriflaten må vika for komande Kiwi-butikk.

– Eg hadde trudd at bygget skulle stå i meir enn 10 år, seier Stig Totland, som opna Steinsenteret i eige nybygg i mai 2003.

– Men sånn er det med Norgesgruppen, dei betaler godt for ei god tomt og bygger sitt eige.

Knekker av plate for plate

Totland sit no i nabobygget, der han har kontor, og ser på rivearbeidet.

– Det er litt trist, men samtidig er det fascinerande å sjå kor flink maskinføraren er.

– Han tar plate for plate og legg fint i kontaineren.

– Sortering er str del av jobben

Det er Rivenes AS som står for rivinga, som starta for alvor i går.

– Handverkarjobben med riving er ganske omfattande, og er førebels ikkje ferdig. Vindauga er ute, men det står igjen litt elektronikk, fortel Øystein Kvamme.

Og det er ikkje berre glas og leidningar som skal sorterast.

– Vi kunne rive bygget på mykje kortare tid, men då ville vi stått på vekesvis med sortering etterpå.

– Det meste skal sorterast, og maskinføraren tar dette medan han river, i staden for etterpå.

Det er førebels uvisst kor tid det blir byggestart på ny Kiwi, men butikken skal opnast i løpet av 2013.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.