Laila starta Lommevenn-produksjon
Strikkar til ambulansen: I dag sender varaordføraren sine seks første bamsar inn til «Lommevenn»-kampanjen.
«Lommevenn» er ei lukka gruppe på Facebook med over 20.000 medlemmar. Medlemmane strikkar små kosebamsar, lommevennar, som unge passasjerar i ambulanse kan få.
Det er Tonje Lysaker, som jobbar ved ambulansetenesta på Brobekk i Oslo, som tok initiativet, ifølgje Nettavisen.
– Eg synest dette er eit kjempefint initiativ. Det er gjort på ein liten time å strikka ein bamse, gjerne mens du ser på TV, men det kan han mykje å seia for ein ung pasient, seier Laila Reiertsen.
• Sjå òg: Videointervju med Toril Myklebus Lie, som strikkar til nyfødde
– Betre enn å laga ballong av ein hanske
Hos Os ambulanseteneste er dei glade for initiativet.
– Vi har i periodar kjøpt inn nokre enkle bamsar og hatt i bilane, men ikkje så koseleg som desse som Laila har strikka, seier ambulansearbeidar Hanne Steen.
Når ho ikkje har hatt bamsar tilgjengeleg har ho gjerne blåst opp ein gummihanske og teikna ansikt på den, om ho har hatt passasjerar som treng trøyst, noko anna å tenkja på eller noko å sjå på utanom alt utstyret i bilen.
Håper på fleire frå Vestlandet
Frp-politikar Reiertsen er ny varaordførar i Os og vara på Stortinget, der ho nyleg sat for Gjermund Hagesæter som fraksjonsleiar i familie- og kulturkomiteen. Både som politikar, i yrke og som bestemor er ho særleg opptatt av barn og helse.
– Eg la merke til at gruppa har mange medlemmar frå Austlandet, og ein del frå nord, men ikkje så mange på Vestlandet. Det er ei dame frå Voss som koordinerer utsending av bamsar til ambulansane i Helse Bergen, så i dag sender eg mine seks første bamsar til Voss.
• Les òg: Strikkar til alle
Ho håper nokre av dei hamnar i ambulansar i Os og Bergen, og at fleire i området vi kasta seg på trenden.