Sport | 18. okt. 2011

Landa på 5. plass

Søre Neset avslutta sesongen med tap for Lakesvåg 2. Det førte til at Fusa rykker ned til 6. divisjon.

Landa på 5. plass
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. okt. 2011 08:39

Søndag blei siste runde av årets 5. divisjon spelt med bortekamp for begge laga frå Os.

• Lysekloster, som for lengst har sikra opprykk til 4. divisjon, vann 4-0 over Eidsvåg og kan sjå tilbake på ein sesong der dei har tatt 64 av 66 moglege poeng og spelt seg til ein målforskjell på 129-14 (!).

• Søre Neset hadde også mål om opprykk, men etter ein del svake heimekampar blei det vanskeleg og med bortetap for Rosendal i tredje siste runde var alt håp ute.

Siger i denne kampen ville uansett ikkje ha redda opprykket, for Solid, som allereie var forbi Søre Neset, vann borte over Rosendal i siste runde og rykker opp saman med Lysekloster.

Tap førte til Fusa-nedrykk

Søre Neset møtte Laksevåg 2 borte i siste runde. Laksevåg 2 trengte siger over Søre Neset og tap til Fusa i deira kamp mot Tornado Bergen for ikkje å rykka ned.

Fusa tapte 2-7 og Laksevåg 2 slo Søre Neset.

– Vi leia to gongar, men hadde tynn stall og lite å kjempa for, medan heimelaget jobba knallhardt ut kampen, seier Søre Neset-spelar Anders Kinden.

Thomas Halhjem skåra kampens første mål, Laksevåg 2 utlikna før pause. Tore Kinden gav Søre Neset leiinga igjen, men så kom heimelaget tilbake og vann 6-2.

Fusa slo Laksevåg 2 5-4 i førre runde, men det hjelper lite. No må dei ned i 6. divisjon saman med Baune 2.

Tabell, 5. div avd 2

I avdeling 1 var det NHH som vann serien framfor Dale. Apollo og Kvernbit landa nedst på tabellen.

I avdeling 3 var det Nymark og Telavåg som landa øvst, her var Austrheim og Floppen svakast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.