Lokal | 22. des. 2015

Landa på taket - kom seg ikkje ut

Ein bil køyrde utfor i Søvikåsen tysdag kveld.

Landa på taket - kom seg ikkje ut
Bilen, ein Mitsubisho Pajero, hamna på taket, og førar kom seg ikkje ut utan hjelp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. des. 2015 22:31

Tysdag, på den store bulkedagen to dagar før jul, hamna ein bil på taket 5-6 meter utfor Ole Bulls veg over Søvikåsen.

Bilen, ein Mitsubishi Pajero, har truleg hatt retning frå Lysefjorden mot Os då den hamna utfor den øvste av dei mange krappe svingane ned Søvikåsen.

– Vi rykte ut då første melding gjekk ut på at førar var fastklemt, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Uskadd og åleine

Politi og ambulanse var også på staden. Vitne som kom til klarte ikkje å få førar ut.

– Vi trengte ikkje klippa i bilen, ambulansepersonell hjelpte han ut.

Ifølgje politiet var mannen bevisst og framsto som uskadd. Førar var åleine i bilen, som i 23.30-tida blei henta av Bergen Bilhjelp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.