Dagleg leiar Jan Tore Grindheim gler seg over å ha skrive avtale med BoligPartner-konsernet (foto: Andris Hamre)

Landa storkontrakt

Fonn Byggemappen på Os har teikna kontrakt med BoligPartner. – Det er vår største kontrakt til no, seier Jan Tore Grindheim.

Av: Andris Hamre

Fonn Byggemappen var det første selskapet som flytta inn i Bjørnafjorden Gründerpark. Byggemappen er ein app kor dei samlar alle aktørane i eit byggeprosjekt på ein stad med alltid oppdatert dokumentasjon, endringar og teikningar. Appen er tilgjengeleg på mobil, nettbrett og desktop.

No har dei teikna avtale med BoligPartner-konsernet som består av BoligPartner AS, Archihus, Skalahus og Norhus.

– BoligPartner er ein av dei største hus- og hytteprodusentane i Noreg. Dette er ein stor dag for oss og er den klart største avtalen vi har signert. Den er vel fire gangar så stor som den neste avtalen vår, fortel Jan Tore Grindheim, dagleg leiar for Byggemappen.

Kunden i fokus

Tanken bak Byggemappen er at kunden alltid skal ha kontroll på kva som skjer i eit byggeprosjekt.

– VI har vore i dialog med BoligPartner i snart to år. Grunnen til at vi gjekk i dialog med dei var at vi såg at dei utmerka seg med god kundefokus, noko som passar bra med tanken bak Byggemappen. I tillegg er dei langt framme i bruk av teknologi og systemer.

– Vi er veldig glade for at vi no har skrive avtale. Den omfattar også eit tett samarbeid mellom Byggemappen og BoligPartner for å utvikla deira interne system vidare. 

Må tilsetta fleire

Gründerane bak Byggemappen har dei siste åra utvida staben jamnt og trutt.

– For oss er dette ein utruleg bekreftelse på at det vi held på med er riktig. Avtalen med BoligPartner betyr at vi kjem til å utvida staben ytterlegare i løpet av hausten, seier Grindheim.

På facebooksida til Byggemappen seier kvalitetsdirektør i BoligPartner, Hilde Skar følgjande om samarbeidet:

– BoligPartner har valgt Fonn Byggemappen som vårt prosjektstyring- og samhandlingsverktøy på alle våre byggeprosjekt. Fonn Byggemappen er eit brukervenleg og framtidsretta verktøy. Vi ser fram til eit godt samarbeid med gjengen frå Lean Konseptutvikling.

Fleire saker