Politikk | 28. des. 2022

Landbruksdirektoratet deler ut 15 millionar

I møtet i plan-, bygg- og miljøutvalet fortalde Olav Botnevik eit stort behov for investering i gardar i kommunen på grunn av komande endra krav. No har regjeringa løyvd pengar til tilsvarande ombygging av gardar fleire stadar i landet.

Landbruksdirektoratet deler ut 15 millionar
NYE KRAV: Frå 2034 blir det krav om at storfe skal gå fritt i fjøset og ha sin eigen liggeplass. (Foto: Ørjan Håland)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveionsdag 28. des. 2022 08:39

I møtet i plan-, bygg- og miljøutvalet 30. november i år fortalde Olav Botnevik frå Os Bondelag om komande endra krav i jordbruket.

Frå 2034 er det eit offentleg krav om at storfe skal gå fritt i fjøset og ha sin eigen liggeplass.

– Færre enn halvparten av fjøsa i Bjørnafjorden er innretta sånn i dag.
15-20 driftsbygningar må byggast om dei neste ti åra, sa Botnevik i møtet.

– Takk for at eg fekk koma! Vanlegvis når kommunen ringer ein bonde, er det noko dei vil ha, gjerne litt areal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògBøndene må investera inntil 100 millionar

Det mest kritiske for bøndene er eit komande, stort investeringsbehov.

Det krev investeringar på 50 til 100 millionar kroner.

No har regjeringa løyvd pengar til tilsvarande ombygging av gardar fleire stadar i landet.

15 millionar kroner til landbruket

Landbruksdirektoratet innvilga i desember 15,2 millionar kroner i støtte til 13 nye prosjekt, skriv Landbruksdirektoratet på sine nettsider.

Pengane er nasjonale tilretteleggingsmiddel for 2023 og skal gi auka verdiskapinga i landbruket.

Tildelinga av tilskot er ei oppfølging av årets jordbruksoppgjer.

Prosjekt som vert prioritert er dei som er knytt til styrking av innovasjon og konkurransekraft i grøntsektoren, utviklingsprosjekt innan økologisk landbruk og prosjekt som ser på problemstillingar knytt til omstilling frå båsfjøs til lausdriftsfjøs.

– Med denne tildelinga følgjer vi opp viktige områder frå årets jordbruksoppgjer innan grøntsektoren, økologisk landbruk og kunnskapsoverføring knytt til investeringar innan lausdriftsfjøs. Dette er eit viktig bidreg til å styrke verdiskapinga i landbruket, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

Stor pågang i søknadsrunden

Tiltaka skal bidra til å nå dei landbrukspolitiske måla.

Målgruppa for ordninga er blant anna organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar, samt fylkeskommunar og kommunar.

Ordninga forvaltast av Landbruksdirektoratet.

Landbruksdirektoratet melder om at det har vore stor pågang etter midlar i årets søknadsrunde, og høg kvalitet på søknadane.

Dei fekk 33 søknadar innan fristen som var 13. oktober i år. Til saman blei det søkt om 41 millionar kroner.

13 av søknadane blei godkjent og mottek 15,2 millionar kroner.

Sjå kva prosjekt som fekk løyvd pengar frå Landbruksdirektoratet i år.

Tildelingane gjekk til søkarar med ei god forankring i landbruksnæringa og prosjekt med nasjonal nytteverdi.

Neste moglegheit til å søkje om nasjonale tilretteleggingsmidel blir etter planen hausten 2023, og gjeld tiltak med oppstart i 2024.

Bøndene har fleire utfordringar

I møtet i plan-, bygg- og miljøutvalet fortalde Botnevik om fleire utfordringar bøndene står over.

I tillegg til naudsynte investeringar er også rekruttering og komande generasjonsskifte på gardane i kommunen nokre av dei største utfordringa til bøndene for tida.

Men Botnevik ser ikkje utfordringa som uoverkomeleg.

– Vi har framleis tid, men vi må snart koma i gang, og nokon må initiativet.

Han ser for seg at ei samling av bondelag, landbrukskontor og eit utval av politikarar kan danna ei gruppe som legg planar saman.

Olav Botnevik i møtet i plan-, bygg- og miljøutvalet 30. november i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Olav Botnevik i møtet i plan-, bygg- og miljøutvalet 30. november i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Kommunen har jo tatt ei aktiv rolle i fleire delar av næringslivet, frå konferansar, industriområde og gründerpark til å gi Osøyro eit stort løft.

– Om vi får eit tilsvarande engasjement rundt framtida til bøndene, vil denne prosessen bli både enklare å gjennomføra og meir effektive. Kommunar som Voss og Sogndal er allereie i gang saman med sine kommunar.

Men det er eit godt eksempel på at det går an å skaffa offentlege midlar til naudsynt investering.

Hausta ros og forståing

I møtet 30. november takka fleire av politikarane for innlegget til Olav Botnevik.

– Eg er veldig glad for at du er her i dag, dette samarbeidet skulle ha starta for lenge sidan, sa Marie Hauge (MDG)

Ove Frotveit og Tor Inge Døsen frå Frp gav også tilbakemelding.

– Eg håper landbrukskontoret tar tak, og at dei inkluderer skogdrift. Gjengroing av matjord er også ei utfordring, og den vil bli endå større om ikkje generasjonsskiftet blir vellykka.

– Vi i kommunen må koma bøndene imøte. Historisk har bøndene gjerne ikkje fått den statusen dei fortener, men dei er dei største grunneigarane vi har, og dei driv viktig matproduksjon, sa Døsen, som sjølv har vakse opp på gard.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.