LANGA avslutta Osøren

Søndag kveld blei årets blues- og jazzfestival runda av med jazz og soul i Os kyrkje.

LANGA i Os kyrkje søndag kveld. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. juli 2013 21:24

– Søndagskonsertane er kvart år ei veldig fin avslutting på festivalen, synest Gunnar Nagell Dahl.

Festivalsjefen var sjølv i kyrkja for å nyta konserten med LANGA.

– Det er godt å berre sitja å lytta, å høyra musikk utan bakgrunnsstøy etter tre livlege kveldar.

LANGA består av Janet December (vokal), Torstein Halvorsen (saksofon), Vegard Henanger (gitar), osingen Ole Amund Gjersvik (bass) og Thomas Frøyen (trommer).

December hadde i tillegg med seg ei venninne frå Sør-Afrika på vokal.

Konserten hadde rundt 80 betalande publikummarar.

– Langa seier at dei speler musikk som dei sjølve likar, så her var det stor variasjon.

– Repertoaret spenner frå rolege balladar som «What a wonderful world», «Imagine» og «Halleluja», til «The Mandela song» og Miriam Makebas «The click song» på xhosa-språket, skriv arrangørane på osoren.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.