Lokal | 08. juni 2018

Lange køar mot Os og Halhjem

Fredagsutfarten retning sør ser ekstra travel på E39 denne helga.

Lange køar mot Os og Halhjem
Køen mot Halhjem startar i skrivande stund på Lunde. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. juni 2018 14:40

Fredag i 16.30-tida fekk Midtsiden tips om kø frå Er-An til Os.

– Eg møtte køen ved Tømmernesbrua, fortel innringar.

Ifølgje Google Maps er også ferjekøen på E39 til Halhjem lengre enn vanleg, og startar no ved Lunde barneskule.

Ein cup på Bømlo kan vera med på å dra opp trafikken frå Bergen og sør, sånn handballcupen på Stord gjer i pinsen.

I skrivande stund ser det ut som om trafikken glir fint andre stadar i bygda, både mellom Os sentrum og Amfisenteret, vidare i Industrivegen, i Lepsøykrysset og over Fanafjellet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.