Kultur | 26. juni 2018

To langhelger med tivoli i Os

Tivoliet opnar under Osdagane og blir verande til og med neste helg.

To langhelger med tivoli i Os
Tivoliet er i ferd med å bli montert på grusplassen mellom Os kyrkje og Os ungdomsskule. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. juni 2018 12:35

Skandinavisk Tivolipark er tilbake i Os, denne gong under Osdagane og ei veke ekstra.

– Vi har turnert i 20 år no, og er midt i ein tettpakka sesong. Men det har vore så bra besøk i Os dei siste åra at vi tar to veker denne gong, seier Roy Andersen.

– Dei tilsette får dessutan litt ferie mens vi er i Os. Eg forstå det sånn at nokre av gutane ville fiska laks.

Livlege dagar i sola på Os

Tivoliet opnar torsdag om to dagar. Då startar òg Osdagane, samarbeidet mellom Os Sentrumsforening og Oseana, med marknadsdagar, moteshow, brukskunstmarknad, ølfestival, andeslepp og leik i Mobergsvikjo med flytande hinderløype frå Osbadet.

– Vi held ope til og med måndag. Så blir det stengt i to dagar før det er full drift igjen frå torsdag til søndag.

Tivoliet er ikkje berre heldig med timinga, vêrmeldinga ser òg bra ut, med sol frå i dag og skyfri himmel gjennom helga og ut i neste veke.

Reiser landet rundt

Tivoliet er på ein turné frå Halden i aust ogTynset i nord til Bergen og omliggande kommunar i vest.

– Så og seia alle helger er booka, vi har berre nokre få ledige, om det er nokon som er i beit for ein hovudattraksjon, seier Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.