Os 2 sleit i lokaloppgjeret mot Søfteland, men langskot av Ludvig Egge Drange berga eitt poeng. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Langskot av Ludvig redda eitt poeng

Det blei ein tett og tøff derby på Stilvoll måndag kveld.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os 2 kjempar om opprykk, Søfteland ligg på 5. plass og hadde truleg ønskje om å revansjera 5-1-tapet på Kuventræ i vår.

Kampen blei, som venta på den vesle heimebanen til Søfteland, annleis enn førre lokaloppgjer.

På Kuventræ leia Os 2 2-0 etter 20 minutt. I dag hadde Søfteland eit skot i tverrligger før Os, i 17. minutt, tok leiinga. Heimelaget utlikna i 43. minutt og tok leiinga tidleg i 2. omgang.

Eit langskot av Egge Drange i 55. minutt berga eitt poeng til Os.

Søfteland - Os 2 2-2 (1-1)
Målskårarar:
Christoffer Hafsås (0-1), Thomas Blomberg (1-1), Thomas Skjelde (2-1) og Ludvig Egge Drange (2-2).
Søfteland og Os 2 sine troppar, sjå fotball.no

Det var ein fartsfylt kamp utan så mange store sjansar, men med harde duellar frå start til slutt. Dommaren hadde lagt lista høgt, og utover i 2. omgang blei det stadig vanskelegare å bygga opp eit angrep. 

Begge lag kjempa om full pott til siste minutt, Os 2 hakket kvassare etter pause, men utan å skapa så mykje meir enn motstandaren. Største sjanse til opprykkskandidaten blei eit skot slått til corner av Bjoarvik på stillinga 2-2, og ei heading frå bakerste stolpe etterpå.

– Gutane har fått øvd på duellspel og vi tar med oss eit poeng som kan bli viktig i sluttspurten, oppsummerer Os 2-trenar Martin Røttingen Eidsvik.

– Best innsats

Søfteland-trenar Raymond Pedersen er svært nøgd med eige mannskap.

– Tabellmessig har vi ingenting å spela for, og hadde ikkje fokus på resultat. Vi skulle spela ein god kamp, og det klarte vi.

– Ein enorm laginnsats gjennom heile kampen gjorde at vi fekk Os 2 av stilen. 4-5 gule kort for å stoppa nokre overgangar er ikkje meir enn det må vera i eit lokaloppgjer.

– Sjølv om dei kjempar om opprykk, og trener dobbelt så mykje som oss, viste vi samla sett større innsats også gjennom andre omgang, synest eg.

To poeng frå toppen

Os 2 ligg no to poeng bak serieleiar Osterøy, men 2. plass er godt nok til opprykk. På 3. plass ligg Voss, som Os 2 har heime 7. oktober.

Søfteland speler neste kamp borte mot Baune.

Terminliste og tabell

Fleire saker