Askeladden C75 Cruiser skal lanserast på Sjøen for alle i morgon, onsdag.
Askeladden C75 Cruiser skal lanserast på Sjøen for alle i morgon, onsdag.

Lanserer Askeladden-racer i morgon

Her er dei første bilda av Askeladden C75.

Kjetil Vasby Bruarøy
11. mars 2014 - 21:59

I går kom nye Askeladden C75 til Noreg frå fabrikken i Polen, i morgon er det lansering når Sjøen for alle på Telenor Arena, Noregs største båtmesse, opnar dørene.

– C75 Cruiser og C75 Center Cabin er dei mest spennande lanseringane vi har hatt på fleire år, seier marknadssjef Leif Bergaas.

Båtane er bygde for store påhengsmotorar og høg fart.

Les òg: Askeladden i 50 knop

– Dei siste åra har vi kome med nye båtar i den suksessrike Pilot House-serien, men det er noko eige med raske båtar.

– Marknaden er open for dette no, høg fart og frekk design.

God respons hos forhandlarar

Allereie på teikningane som Askeladden Boats AS gjekk ut med i november kom det rikeleg med bestillingar frå forhandlarane.

– Vi har allereie bestillingar på nærmast heile produksjonen fram til sommaren, og dei få forhandlarane som i dag har fått sett dei nye båtane ser ut til å vera nøgde.

C75 Cruiser og C75 Center Cabin er teikna av Gasper Peternelj, som også står bak Askeladden Commuter 11 og Z8, og er dei to første med det nye frekke designspråket.

Seinare kjem nye modellar på rundt 6 meter.

Skal testast i Os

Askeladden Boats har til saman 45 forhandlarar, over 10 av dei utanfor Noreg.

– Vi har blant anna ein forhandlar i Finland, som har fleire butikkar, som kjem til messa på Lillestrøm fordi han ikkje kan venta med å sjå dei.

Sju forhandlarar frå Aredal via Oslo til svenskegrensa står på Askeladden sin stand messa.

Etter messa, som varer til 16. mars, skal dei to første C75-båtane til Os for prøvekjøring, fartsmåling, utrekning av drivstofforbruk og test av ulike propellar.