Næringsliv | 04. sep. 2012

Lanserer cabriolet

Slepper sola inn i heilårsbåten: Askeladden med nok ein ny båt i P-serien.

Lanserer cabriolet
Askeladden P80 Weekend med den nye takløysinga. (Ill.: Askeladden Boats)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. sep. 2012 06:29

Det nærmar seg båtmessa ”Båter i Sjøen”, som går av stabelen i Oslo 6. til 9. september.

For ei veke sidan fortale Askeladden Boats om den nye modellen dei vil lansera på messa, Askeladden P66 Multi, ein enkel og robust båt som kan utstyrast med konsoll framme eller bak, eller med eit lite styrhus.

Les òg: Askeladden vil på leppefiske

No fortel produsenten frå Os at dei kjem med yttarlegare ein ny modell til messa, Askeladden P80 Weekend med elektrisk twin cabriolet.

Ny trend

I ei årrekkje har Askeladden vore ein innovatør i marknaden, frå Z-serien med alle dei nye, praktiske innreiingsfunksjonane, til Commuter og den nyare P-serien, pilothusbåtar med høgt utstyrsnivå i lågare prisklasse, for dei som bruker båten heile året og i fleire typar vêr.

P-serien har vore ein stor suksess og den har blitt utvida med fleire ulike storleikar.

Men om du har fått båt med styrhus vil du kanskje ha litt sol likevel?

– Med ei heilt nyutvikla takløysing lanserer vi noko vi trur kan bli ein trend for styrhusbåtar, seier marknadssjef i Askeladden Boats AS, Leif Bergaas.

Heilårsbåt som slepper sola inn

Med Askeladden P80 Weekend med elektrisk twin cabriolet-tak vil Askeladden no gje båtfolket det beste frå alle sesongar.

– Eit styrhus kan bety mykje for korleis du bruker båten din, for kor mange dagar i året du er på sjøen.

– Men samtidig tar den frå deg litt av gleda det kan vera å kjøra båt i skikkeleg finvêr.

Framme og bak

Takløysinga er todelt og styrt elektronisk. Med eit tastetrykk kan du opna det 1,8 meter lange og 1,6 meter breie taket heilt eller delvis over føraren.

Eller opna taket over akterdekk, eit tak som er 1,5 meter langt og 1,7 meter breitt.

Du kan også velja å opna begge samtidig, og gjera båten om til ein cabriolet.

Som tilleggsutstyr kan du få kalesjeveggar bak, noko som doblar storleiken på lukka rom i båten. Til hytta framme kan du få hardtopp i glasfiber.

Midtsiden samleside: Askeladden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.